Arequipa-regionen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arequipa (spansk Región Arequipa, quechua Ariqipa suyu) er ein region i det sørlege Peru med ei lang kystlinje grense mot Stillehavet. Han har grenser mot Ica-regionen i nordvest, mot Ayacucho-regionen og Apurímac-regionen i nord, Cuzco-regionen og Puno-regionen i aust, og Moquegua-regionen i søraust. Folkesetnaden var 999 026 i 1996, arealet er 63 345 km2. Hovudstaden er Arequipa.
Regionen er delt inn i 8 provinsar.
Provins (hovudstad)
- Arequipa (Arequipa)
- Camaná (Camaná)
- Caravelí (Caravelí)
- Castilla (Aplao)
- Caylloma (Chivay)
- Condesuyos (Chuquibamba)
- Islay (Mollendo)
- La Unión (Cotahuasi)
[endre] Geografi
Arequipa har eit variert landskap med ei mykje tørr kyststripe i sør og eit mektig fjellandskap i sentrale og nordre delar av regionen. Kystlandskapet er gjennomskore av dalar med elver frå Andes som syter for vasstilførsel til frodig jordbruksland i avgrensa område. Sideelver til Apurímac-elva har opphav i fjella rett nord for den djupe Colcadalen i Caylloma-provinsen og er dei mest fjerne kjelda til Amazonas-floden. Her finst fleire aktive vulkanar, høgste vulkanen er Ampato på 6310 moh., ein annan mykje kjent og kjegleforma vulkan er Misti på 5821 moh. like ved byen Arequipa.
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |
![]() |
Peruanske regionar | ![]() |
Amazonas | Ancash | Apurímac | Arequipa | Ayacucho | Cajamarca | Callao | Cuzco | Huancavelica | Huánuco | Ica | Junín | La Libertad | Lambayeque | Lima metropol |Lima | Loreto | Madre de Dios | Moquequa | Pasco | Piura | Puno | San Martín | Tacna | Tumbes | Ucayali |