Quechua
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg artikkelen om quechuaene
Quechua (Runa Simi) |
||
Klassifisering: | Quechuanske språk
Underfamilie |
|
Bruk | ||
Tala i: | Argentina, Bolivia, Chile, Colombia, Ecuador, Peru | |
Område: | Andes | |
Quechuatalande i alt: | 9,6 millionar | |
Rangering: | Ikkje blant dei 100 mest utbreidde språka | |
Skriftsystem: | Latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i: | Bolivia og Peru | |
Normert av: | Academia Mayor de la Lengua Quechua | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1: | qu | |
ISO 639-2: | que | |
SIL | SIL reknar quechua som fleire språk, ikkje som eitt. SIL reknar quechua som fleire språk, ikkje som eitt. |
Quechua (runasimi «folkespråket») er eit språk frå Sør-Amerika med 46 ulike variantar, som blir snakka av quechuafolket, i Andes, frå Colombia og Ecuador og sørover til Argentina. Det er det største av alle dei søramerikanske indianarspråka.
Quechua har ein grammatikk som minnar ein god del om tyrkiske og uralske språk, med regelmessig suffiksering. Morfologien er komplisert, quechua har til dømes objektskonjugasjon.
Innhaldsliste |
[endre] Klassifisering
Dei mange ulike variantane av quechua utgjer saman ein eigen språkfamilie.
Noen språkforskarar har foreslått eit språkleg slektskap mellom quechua og aymara som medlemmer av ei større språkgruppe, men dette er blitt omstridt fordi likskapen synast å vere skapt av kontakt meir enn av eit felles opphav. Bortsett frå dette har ikkje quechuaspråka kjende slektningar.
[endre] Geografisk område
[endre] Offisiell status
Quechua er i dag offisielt språk i Peru og Bolivia, saman med spansk og aymara.
[endre] Dialektar
Det fins to hovudgrupper av dialektar, waywash og wanp'un. Waywash eller quechua I vert snakka i det sentrale høglandet i Peru. Det er den eldste og mest utbreidde greina av quechua og har ofte vore halde fram som eit sjølvstendig språk.
Wanp'una eller quechua II er vidare delt inn i tre grupper. Yunkay er sporadisk brukt i vestlege høgland i Peru. Quichua (runashimi, nordleg quechua) er den avgreininga som blir nytta i Colombia og Ecuador. Sørleg quechua blir snakka i sørlege høgland av Peru, Bolivia, Argentina og Chile.
Sørleg quechua blir rekna for å vere den viktigaste greina fordi den har flest brukarar og grunna kulturell og litterær arv i språket.
[endre] Lydsystem
[endre] Vokalar
[endre] Konsonantar
[endre] Fonologi
[endre] Grammatikk
[endre] Ordforråd
[endre] Låneord
[endre] Skriftsystem
Quechua hadde ikkje noko eige skriftsystem, men brukte quipu, farga trådar med knutar, til å kommunisera over avstand med. Tydinga av desse trådane er i ein stor grad ukjend, men me veit at dei blei brukt til å føra rekneskap med og kanskje òg til ein slags brev.
Etter at Spania hadde erobra Inkariket tok ein til å skriva språket med det latinske alfabetet.
[endre] Historie
[endre] Opphav og vekst
Nokon teoriar om opphavet peikar i retning av ei første territorial utbreiing i dei sentrale kystområda i det moderne Peru, kan hende der oldtidsbyen Caral låg tilbake til ca. 2600 år før Kristus. Inkaherskaren Pachacútec i Cuzco gjorde quechua til det offisielle språket i Inkariket, dermed blei språket dominerande frå Ecuador og langt ned i dagens Chile.
Då spanske misjonærar kom til landet, var språket blitt til eit lingua franca der. Den katolske kyrkja som etter kvart blei etablert i landet brukte quechua mykje som kyrkjespråk, og spreidde det endå vidare enn det gamle inkariket hadde vore.
I eit viss mon kan ein seie at den katolske kyrkja styrkte utbreiinga av quechua og styrkte kulturen fordi ho valde å forkynne på språket i Andesregionen. På den andre sida må ein tru at quechua språk vart sett under press av spansk språk då spansk vart administrasjonsspråk etter erobringa av Inkariket og dominant i høve til urfolket sitt språk.
[endre] Påverknad på Europa
Quechua-kulturen har påverka Europa, både språkleg og materielt. Desse orda kom frå quechua til europeiske språk, i lag med kunnskap om tinga dei viser til: alpakka, quipu, pampas, poncho, potet, lama, inka, kondor, koka og guano.
[endre] Utbreiing i dag
Quechua er det eine av dei to store blant urfolk i Andesregionen, saman med aymara. Geografisk er quechua i dag nytta over store delar av Peru og Bolivia, i sørlege Ecuador og Colombia, nordlege Chile og nordvestlege delar av Argentina. Når det gjeld talet på brukarar fins det ingen pålitande kjelde. Boka Lingüística quechua frå 1987 reknar at 8,35 millionar menneske snakka språket den gongen, i dag kan talet ha auka grunna vekst i folkesetnaden, men på den andre sida er språket sterkt truga av det dominante spanske språket, særleg når folk flyttar inn i urbane områder.
[endre] Døme
[endre] Litteratur
- Rodolfo Cerrón-Palomino: Lingüística quechua (Biblioteca de la tradición oral andina), Centro de Estudios Rurales Andinos Bartolomé de las Casas, Cuzco, Peru, 1987, 2003. ISBN: 9972-691-59-4
[endre] Sjå òg
- Quechua har no si eiga Wikipedia, du kan vitje ho her Quechua Wikipedia.