Art nouveau
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Art nouveau er ei fransk/belgisk nemning på ein stilart som oppstod på slutten av det 1800-talet (1890–1914). «Art nouveau» er ei internasjonal nemning som på fransk tyder «den nye kunsten». Stilarten kan ein finna både i Europa og i Sambandsstatane (USA). Nemninga som er mest brukt i Noreg er jugendstil.
Namnet 'art nouveau' kjem av ein butikk i Paris, Maison de l'Art Nouveau, driven av Samuel Bing. Der vart det lagt vekt på å stilla ut nyskapande ting.
Eit høgdepunkt i utviklinga av art nouveau var verdsutstillinga i Paris i 1900. Den 'moderne stilen' vart framheva på alle måtar. Stilen vart raskt kommersialisert og masseprodusert. Etter om lag 1907 vart art nouveau, i alle høve i leiande krinsar i Europa, sett ned på som meir og meir simpel.