Asteroidemånen Dactyl
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(243) Ida I Dactyl er ein liten asteroidemåne (diameter 1.4 km) som går rundt asteroiden 243 Ida. Dctyl vart oppdaga på eit bilete teke av Galileosonden den 28. august 1993; det var medlem av Galileo-teamet Ann Harch som fann månen 17. februar 1994. Månen fekk namnet sitt etter daktylane, som etter gresk mytologi levde på fjellet Ida.
Dactyl har omløpstid på 1,54 dagor og ein gjennomsnittsavstand til Ida på 108 km, med ein inklinasjon på 9° til Idas ekvator. Vi veit ikkje så mykje om banen, i og med at Galileo tilfeldigvis var svært nær då bileta vart tekne.
Opphavet til Dactyl er uklåre. Den eine hovudhypotesa er at Dactyl og Ida vart danna samtidig, og den andre er at det først bderre var ein asteroide, og at dei vart skild frå kvarandre seinare av ein kollisjon. Begge hypotesene er problematiske.
Dactyl var den første asteroidemånen som vart oppdaga, og med den oppdaginga stoppa den til då langvarige diskusjonen om asteroider kunne ha månar eller ikkje.
[endre] Eksterne lenkjer
- 243 Ida and Dactyl frå The Nine Planets
- Asteroid Ida and Dactyl from Views of the Solar System
[endre] Kjelde
- Engelsk wikipedia