Aust-Preussen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den prøyssiske provinsen Aust-Preussen var i perioden 1871 til 1945 den noraustlegeaste provinsen i Tyskland. Hovudstaden var Königsberg, no Kaliningrad.
Området vart erobra av dei tyske ordensriddarane på 1200-talet, etter reformasjonen vart det omdanna til hertugdømmet Preussen. Det vart (i lag med Brandenburg) del av kongedømmet Preussen frå 1701, Før den tyske ekspansjonen i mellomalderen var dette området til det baltiske folkeslaget prøyssarane, som snakka det no utdøydde baltiske språket gammalprøyssisk.
Etter andre verdskrigen vart området delt mellom Polen og Sovjetunionen. Etter Sovjetunionen sitt samanbrogt i 1991 vart den sovjetiske delen delt mellom Litauen og Russland. Den russiske delen utgjer no enklaven Kaliningrad.
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |