Bankkort
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit bankkort er ein form for betalingsmiddel som kan nyttast i minibankar og betalingsautomatar som er knytta til Bankenes Betalings Sentral (BBS). Eit bankkort er knytt til ein bankkonto og bruk eller uttak fører til at det blir trekt pengar frå kontoen direkte. Derfor blir slike kort også kalla debetkort, i motsetnad til kredittkort der det blir stifta gjeld når kortet blir nytta. Rekninga må då betalast i ettertid.
![]() |
Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over økonomispirer. |