Bashar al-Assad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bashar al-Assad (arabisk بشار الأسد), fødd 11. september 1965, er ein syrisk politikar og president i Syria sidan 17. juli 2000. Han leier òg det syriske Baath-partiet. Han vart president etter at faren Hafez al-Assad døydde. Han hadde ikkje hatt framståande politiske stillingar før dette. Etter den syriske grunnlova er Baath-partiet det statsberande partiet. Verken Bashar al-Assad eller faren Hafez har vorte valde i frie, demokratiske val.
Al-Assad-familien tilhøyrer den muslimske alawitt-sekta, ein religiøs minoritet i Syria.
Bashar al-Assad er utdanna augelege i Damaskus og London.
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |