Bergen lufthamn, Flesland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bergen lufthamn, Flesland ligg på Flesland, to mil sør for Bergen sentrum. Flyplassen stod ferdig i 1955, etter å ha vore på planleggingsstadiet heilt frå 1930-talet. Flyplassen har ei rullebane på 3 000 meter, og eit ekspedisjonsbygg som var nytt i 1988.
To flybussruter over Fana og Fyllingsdalen knyt flyplassen til Bergen sentrum. Ei sporvognsline til Bergen sentrum er planlagt, med byggestart hausten 2006.