Birger Ruud
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Birger Ruud (23. august 1911–13. juni 1998) var ein norsk skihoppar.
Birger Ruud blei rekna for å vera verdas beste skihoppar i åra før den andre verdenskrigen. I 1931, 1935 og 1937 vart han verdsmeister i hopp, og tok OL-gull i denne øvinga i 1932 og 1936 (232 poeng, 20. februar).
I 1943 blei Ruud sett i tysk fangeleir på Grini ved Oslo. Etter krigen deltok han, 36 år gammal, i OL i 1948, og tok sølvmedalje i det spesielle hopprennet.
Ved åpninga av vinter-OL 1994 på Lillehammer skulle Birger Ruud vore norsk flaggheisar, men før åpningsseremonien fekk Ruud hjerteproblem, og blei køyrd til sjukehus.
I Kongsberg er det reist ein bronsestatue av han.
[endre] Peikarar ut
- Birger Ruud - Ski Jumping Hero, Sidene til IOC, på engelsk
- Skikongen Birger Ruud er død, melding i Dagbladet
- Bronseskulpturen i Kongsberg