Vinter-OL 1994
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei 17. olympiske vinterleikane | |
Vertsby: | Lillehammer i Noreg |
Deltakande nasjonar: | 67 |
Deltakarar: Menn: |
1737 1215 522 |
Konkurransar: | 61 |
Idrettsgreiner: | 12 |
Opna: | 12. februar 1994 |
Avslutta: | 27. februar 1994 |
Opna av: | Kong Harald |
Norsk flaggberar: | Bjørn Dæhlie |
Vinter-OL 1994 vart arrangert i Lillehammer. Dette var andre gong OL vart arrangert i Noreg og var dei 17. olympiske vinterleikane i rekkja. Delar av leikane vart haldne på Hamar (der Vikingskipet vart bygt for nettopp dette) og på Gjøvik (Fjellhallen).
Andre byar som hadde ønska å arrangera meisterskapen var Anchorage i USA,Östersund og Åre i Sverige og Sofia i Bulgaria.
Innhaldsliste |
[endre] Nyvinningar
Ettersom IOK hadde vedteke at sommar- og vinter-OL frå no av skulle haldast med to år imellom, blei OL på Lillehammer arrangert berre to år etter OL i Albertville i 1992. Dette er einaste gongen same typen OL er blitt halde med så kort mellomrom.
Dette OL-arrangementet var det første i historia som der resultata vart formidla direkte via Internett, av det norske selskapet Oslonett.
[endre] Resultat
Beste nasjon vart Russland med 11 gullmedaljar. Noreg ende opp med 10 gull-, 11 sølv- og 5 bronsemedaljar.
Dei norske gullmedaljane kom ved:
- Johann Olav Koss – (1500, 5000 og 10 000 meter skøyter)
- Espen Bredesen – 90 m hopp
- Fred Børre Lundberg – kombinert
- Lasse Kjus – alpin kombinasjon
- Stine Lise Hattestad – kulekøyring
- Thomas Alsgaard – 30 km langrenn (fristil)
- Bjørn Dæhlie – 10 km langrenn (klassisk), 15 km langrenn (fristil, jaktstart)
[endre] Medaljestatistikk
Dei beste nasjonane | ![]() |
||||
---|---|---|---|---|---|
Nr. | Nasjon | G | S | B | Totalt |
1 | ![]() |
11 | 8 | 4 | 23 |
2 | ![]() |
10 | 11 | 5 | 26 |
3 | ![]() |
9 | 7 | 8 | 24 |
4 | ![]() |
7 | 5 | 8 | 20 |
5 | ![]() |
6 | 5 | 2 | 13 |
6 | ![]() |
4 | 1 | 1 | 6 |
7 | ![]() |
3 | 6 | 4 | 13 |
8 | ![]() |
3 | 4 | 2 | 9 |
9 | ![]() |
2 | 3 | 4 | 9 |
10 | ![]() |
2 | 1 | 0 | 3 |
[endre] Bakgrunnsstoff
- Nyhendeteneste frå Vinter-OL 1994 Oslonett
- Norges Olympiske Museum på Lillehammer
- IOK si side om Vinter-OL 1994
- Statistikk frå Vinter-OL 1994 hjå olympia-statistik.de
Olympiske leikar (OL) | ![]() |
---|---|
Olympiske sommarleikar: 1896 | 1900 | 1904 | 1906 | 1908 | 1912 | 1916 | 1920 | 1924 | 1928 | 1932 | 1936 | 1940 | 1944 | 1948 | 1952 | 1956 | 1960 | 1964 | 1968 | 1972 | 1976 | 1980 | 1984 | 1988 | 1992 | 1996 | 2000 | 2004 | 2008 | 2012 | 2016
|