Bjørn Einar Romøren
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørn Einar Romøren (fødd 1. april 1981) er ein norsk skihoppar som representerer Hosle IL.
20. mars 2005 sette han ny verdsrekord i skiflyging med 239 meter i Planica i Slovenia. Mor hans, Bente-Lill Romøren, er den einaste kvinna i hoppkomiteen i Noregs skiforbund.
Romøren har tre gonger vore med på å ta bronsemedaljar i laghopp, under VM 2003 i Val di Fiemme, VM 2005 i Oberstdorf og OL 2006 i Torino.
To gonger har han vore med på å vinne lagkonkurransen i VM i skiflyging – i 2004 og 2006.
Per 27. januar 2006 har Romøren fem seirar i verdscupen:
- Bischofshofen (Austerrike) – 6. januar 2003
- Lahti (Finland) – 7. mars 2004
- Kuopio (Finland) – 10. mars 2004
- Planica (Slovenia) – 20. mars 2005
- Sapporo (Japan) – 21. januar 2006