Lahti
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lahti (svensk namn: Lahtis, finsk namn: Lahti) er ein finsk by som ligg ved sørenden av Vesijärvi i Päijät-Hämeen landskap i Södra Finlands län. Lahti har omtrent 100 000 innbyggarar, eller det er Finlands sjuands største by og femte største byområde.
By | Lahti |
Grunnlagt | 1905 |
Län | Södra Finlands län |
Landskap | Päijät-Häme |
Flatemål - Til saman - Landområde - Vatn |
154,51 km² 134,95 km² 19,56 km² |
Folketal Tettheit |
98 349 (Januar 2005) 728/km² |
Innhaldsliste |
[endre] Statistikk
- Kommunestyrerepresentantar 59 for perioden 2005–2008: SDP 19 (-1 PER), Samlingspartiet 19 (+1 Kristdemokraterna), Vänsterförbundet 6, Centern 5, Kristdemokraterna 4 (-1 Samlingspartiet), De Gröna 4, PER 1 (+1 SDP), Punavihreä 1.
- Røystingsprosent i kommunevalet år 2004: 53.0%.
- Skatteprosent 18,25
- Arbeidsøyse august 2004 14,8%
- Største bransjar: tenesteytande næring 70%, industri 21% og bygning 7%.
- Høgd over havet 103 m ved jernvegsstasjonen
- Lahti sin visjon: "Lahti er eit internasjonalt senter for kvalitet, design og miljøkunnskap, som har innbyggjarar som er nøgde med seg sjølv og byen sin."
[endre] Historie
Arkeologiske utgravingar viser at det i Lahti-området har vore busetnad allereie for 9000 år sidan, noko som gjer Lahti til den eldste kjende buplassen i Finland. Den første gongen Lahti er nemnd i historiske kjelder er i 1445. Lahti var likevel ein liten landsby i Hollola, heilt til jernbanen mellom Riihimäki og St.Petersburg vart opna i 1870. Med jernbanen starta Lahti utvikling til by.
Lahti fekk handelsstadsrettar i 1877 frå den russiske keisaren, og vart ein eigen by, skild frå Hollola i november 1905. Byplanen vart lagt i 1878, og denne byplanen dannar framleis grunnlaget for sentrum i Lahti.
I 1918 vart det samla opp raudegardistar frå den finske borgarkrigen i ein park (Fellmanin puisto i sentrum av Lahti, mange av dei vart avretta. I 1981 vart det avduka eit stort minnesmerke over desse raudegardistane, dette var eit av dei første minnesmerka over dei raude som i det heile vart reist i Finland.
I 1918 grunnla Asko Avonius Asko-møbelfabrikken, og Lahti vart kjend som ein by for møbelfabrikantar (dei har også Ålesund som norsk vennskapsby). I tillegg til Asko gjeld dette kjende merke som Isku og Sotka. Metallindustri i Lahti er m.a. komfyrprodusenten Upo og ein produsent av maskinar for skogsindustrien, Raute.
Lahti hadde ein kraftig vekstperiode etter andre verdskrigen, då det på grunn av den sovjetiske okkupasjonen av det karelske neset i vinterkrigen og den finske fortsetjingskrigen vart evakuert ca. 300 000 menneske. Dei aller fleste av innbyggjarane i Viborg kom til Lahti. Ein ny vekstperiode kom med sentraliseringa på 1960- og 70-talet, då dei store årskulla frå etterkrigsåra flytta til byane, også til Lahti. Denne veksten vart stoppa av depresjonen i 1975/1976 som kom som eit resultat av den første oljekrisa. Dei store arbeidsgjevarane sette inn tiltak for effektivisering og strukturrasjonalisering, og folketalet kunne ikkje lenger auke som resultat av arbeidskraftsinnvandring.
Ein viktig del av Lahti sitt sjølvbilete har vore vintersportsbyen Lahti. Terrenget rundt Lahti er etter finske forhold relativt kupert, på grunn av Salpausselkä, den store moreneryggen som går i aust-vestleg retning gjennom heile Sør-Finland. Kombinasjonen av hoppbakkar, skiløyper i eit variert terreng, og eit slalpmsentrum, har gjort Lahti til ein vintersportstad. I 1978 1988? XXX arrangerte Lahti VM på ski, i 1997 arrangerte dei Lahti World Games og i 2001 nok ein gang VM på ski. Det siste arrangementet vart stygt skjemma av ein dopingskandale, der det viste seg at store delar av arrangørnasjonen sitt landslag hadde brukt doping-middel.
På 1980-talet marknadsførte Lahti seg sjølv som "Lahti the Business City", til og med byorkesteret fekk nytt namn, Business City Orchestra, heilt til dei fann ut at namnet ikkje passa til klassisk musikk, og orkesteret fekk namnet Lahti Sinfonia. Lahti satsa elles på kultur i denne perioden, og bygde teaterhus, lensbibliotek, og eit kombinert AOF-senter og universitetsutdanningssenter ikkje langt unna biblioteket og teateret. I tillegg bygde byen universitets- og utviklingssenteret Neopoli, og konserthuset Sibeliustalo ved breidda av sjøen Vesijärvi.
[endre] Depresjonen på 1990-talet
Heilt sidan depresjonen tidleg på 1990-talet har Lahti vore plaga av stor arbeidsløyse. Ein tredel av dei arbeidslause, ca. 2500 menneske, er langtidsledige. I drabantbyane er marginalisering og rusbruk ein del av kvardagen. Staten har dei siste åra prøvd å hjelpe Lahti med målretta økonomisk støtte: Lahti har fått ny motorveg til Helsingfors, det har vorte satsa på Lahtispelen, på Sibeliustalo, og spesielt på Kervo-Lahti-jernbanen.
Den første finske jernbanen gjekk frå Helsingfors til Riihimäki. Seinare vart jernbanen austover mot St.Petersburg bygd frå Riihimäki, dvs. ein stor omveg, samanlikna med å dra meir austover. På 1990-talet bestemte staten å bygge ein ny jernbane, direkte frå Kervo til Lahti. Den nye jernbanen, som vil stå ferdig i 2006, og som er berekna å koste 331 millionar euro, kjem til å korte reisetida mellom Helsingfors og Lahti betrakteleg, og i praksis gjere Lahti til ein del av Helsingforsregionen. Effekten av denne jernbanen er allereie synleg i bustadprisane i Lahti.
[endre] Idrett
Lahti er kjend som skisportsmetropol, for Lahtispelen, fi. Salpausselän kisat, etter moreneryggen Salpausselkä, som går gjennom Lahti, og som gjev opphav til eit kupert løypeterreng og åser nok til å bygge store hoppbakkar.
[endre] Idrettsforeininger
Kjende idrettsforeiningar frå Lahti er m.a.
- FC Lahti (fotball)
- Kiekkoreipas (ishockey)
- Lahden Mailaveikot (boball)
- Lahden NMKY (korgball, innebandy)
- Lahden Sugata (taido)
- Lahden Urheiluautoilijat (rally, rallysprint)
- Lahti Yuko Aikikai (aikido)
- Pelicans (ishockey)
- Lahden Karate
[endre] Kultuur
WLAN-prosjektet har som mål at heile Lahti sentrum og Salpausselkä stadion skal utgjere eit opent trådlaust nett, tilgjengeleg for alle (engl. open access wirelessa local area network).
[endre] Vennskapsbyar
Nedanfor kjem ei liste over Lahti sine vennskapsbyar.
- Akureyri, Island frå år 1947
- Cornwall, Storbritannia yhteistyösopimus frå år 2000
- Deyang, Kina frå år 2000
- Garmisch-Partenkirchen, Tyskland frå år 1987
- Kaluga, Russland frå år 1994
- Narva, Estland yhteistyösopimus frå år 1994
- Pécs, Ungarn frå år 1956
- Randers, Danmark frå år 1947
- Suhl, Tyskland frå år 1988
- Västerås, Sverige frå år 1940
- Zaporizhja, Ukraina frå år 1953
- Ålesund, Noreg frå år 1947
Vennskapsbysambandet med Västerås kjem av det faktum at Västerås gav Lahti hjelp under Vinterkrigen. Vennskapsbyane i Norden er del av det nordiske samarbeidet, og dei i Aust-Europa del av etterkrigens nøytralitetspolitikk. Dei siste vennskapsbyane kjem av Lahti sin EU-politikk og av Lahti sin næringslivspolitikk i Asia.
[endre] Bydelar
Bydelane i Lahti er:
Ahtiala | Kärpänen | Hennala |
Laune | Jalkaranta | Mukkula |
Jokimaa | Myllypohja | Järvenpää |
Möysä | Kartano | Niemi |
Kasakkamäki | Nikkilä | Kerinkallio |
Okeroinen | Keski-Lahti | Paavola |
Kilpiäinen | Pesäkallio | Kiveriö |
Pirttiharju | Kivimaa | Renkomäki |
Koiskala | Riihelä | Kolava |
Salpausselkä | Kujala | Sopenkorpi |
Kunnas | Viuha | Kytölä |
Ämmälä |
[endre] Eksterne lenkjer
- Lahti si offisielle heimeside
- Uusi Lahti -Lokalavis på nettet
- Lahden Radio (Yleisradion Päijät-Hämeen maakuntatoimitus)
- Etelä-suomen Sanomats nettkamera frå torget i Lahtis
- Teatteritalo
- Sibeliustalo -- Sibeliushuset
- Lahti Big Band
- Lahden Jazztori
- Lahti Formel-K -klubbens Internet-sider
- Banverket informerer om direktebanen Helsinfors-Lahtis