Blodlekam
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein blodlekam er ein av dei to komponentane i blodet, den andre er plasma. Det finst tre hovudtypar av blodlekamar, dei kjem alle frå udifferensierte celler kalla multipotente hematopoietiske stamcellar i beinmargen. Det er difor normalt umogeleg å sjå skilnad på dei ulike blodlekamene når dei er nye eller umodne.
Dei tre slaga blodlekamar er
- raud blodlekam (erytrocytt), fraktar oksygen
- kvit blodlekam (leukocytt), tek del i immunforsvaret
- blodplate (trombocytt), ein del av hemostase-mekanismen (regulering av blødningar).
Ein kubikkmillimeter blod inneheld 4,2 til 6,2 millionar raude blodlekamar, 5 til 10 tusen kvite blodlekamar og 140 til 340 tusen blodplater.
[endre] Kjelde
- Jacob, Francone og Lossow: Anatomi og fysiologi. Oslo, 1980.
![]() |
Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over medisinspirer. |