Bokbåten Epos
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
M/S «Epos» vart bygd i 1963 ved Oma Båtbyggeri i Strandebarm. Båten er 80 fot og kan ta med 100 passasjerar og har ein marsjfart på 17 knop. Båten fekk nye motorar i 2004 og ny innreiing i 2006 og er eigd av Vinnes Skyssbåtservice AS i Fusa.
Bibliotekbåtdrifta i Hordaland starta i 1959 frå fiskebåten «Abdullah», men det vart etter få år tydeleg at ein trong ein større og meir tenleg båt og Epos vart spesialbygd for å kunne gå som bibliotekbåt for Hordaland Fylkeskommune i 1963, og allereide året etter vart også Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Møre og Romsdal Fylkeskommune med i ordninga. Ombord i båten er det plass til 6000 bøker, og tilsaman har bokbåtbiblioteket 20 000 bøker, og dei bøkene som ikkje er på båten er alltid utlånte. På stoppestadane er det eigne kontaktpersonar som arbeider som bindeledd mellom lånarane og biblioteket, og som arbeider for å få rotasjon på bøkene mellom vitjingane av bokbåten på staden.
Det er i vinterhalvåret Epos går som bibliotekbåt, resten av året vert han nytta som selskapsbåt, i turisttrafikk og annan skysstrafikk.