Bygdin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bygdin er ein innsjø i Jotunheimen. Bygdin er regulert og ligg mellom 1048 og 1057 m.o.h. og har eit areal på 46 km². Sjøen er lang og smal – i luftlinje 25 km lang. Største djup er 215 m.
Bygdin ligg søraust i Jotunheimen og like nord for sjøen ligg toppar på godt over 2000 m. Ved sjøen ligg fleire turisthytter – i vestenden ligg Eidsbugarden, på nordsida ligger Torfinnsbu og ved austenden ligg Bygdin. Om sommaren går det båtrute mellom desse tre stadene.
Elva Vinsteråni renn ut frå Bygdin, vidare gjennom Vinstervatna og Vinstra til Gudbrandsdalslågen.