Cape Reinga
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cape Reinga (eller Te Rerenga Wairua på Māorispråk) er den nordvestlegaste odden på halvøya Aupouri Peninsula, nordlegast på Nordøya på New Zealand.
Cape Reinga ligg meir enn 100 km nord for den næraste vesle byen Kaitaia. Det er veg heilt fram til odden, men dei siste omlag 20 km er grusveg. Høvelege køyrety kan køyra mykje av vegen om Ninety Mile Beach og langs breiddene til elva Te Paki.
Innhaldsliste |
[endre] Hav som møtest
Odden skil Tasmanhavet frå Stillehavet. Frå fyret kan ein sjå korleis tidevatna frå Tasmanhavet og Stillehavet møtest og gir uroleg sjø og straumar utanfor kysten.
Cape Reinga vert ofte oppfatta som den nordlegaste staden på Nordøya, men Surville Cliffs på North Cape, 30 km aust for Cape Reinga, ligg litt lenger nord. Like vest for Cape Reinga ligg Cape Maria van Diemen som vart oppdaga og namngjeve av den nederlandske oppdagaren Abel Tasman i 1642. Han trudde dette var det nordlegaste punktet på det nyoppdaga landet han kalla «Staten Landt».
[endre] Māorisk mytologi
Etter førestillingar i māorisk mytologi, dreg sjelene til dei døde til Cape Reinga på reisa til livet etter døden i det andelege heimlandet dei kallar Hawaiki. På Cape Reinga forlet dei øya ved å hoppa frå eit eldgammalt pohutukawatre på odden. Dei stansar kort på Three Kings Islands for å ta eit siste farvel med fastlandet, før dei held fram på reisa si. Reinga tyder «avsprangsstaden» og Te Rerenga Wairua tyder «staden der åndene tek sats».
[endre] Fyrtårnet
Fyret på Cape Reinga vart bygd i 1941 og tent første gongen i mai samme året.
Fyret på Cape Reinga kom i staden for eit eldre fyr som var plassert på øya Motuopao Island, og som hadde vorte bygt i 1879. Det var ofte vanskeleg å koma fram til dette fyret på grunn av uroleg farvatn i området, så i 1938 vart det bestemt å flytta fyret til Cape Reinga av tryggleiksårsaker. Fyrlampane frå Motuopao Island vart nytta om att på Cape Reinga.
Fyret var utstyrt med ein dieselgenerator og hadde ein elektrisk lampe på 1000 watt. Lampen var synleg over 26 nautiske mil (48 km).
I 1987 vart fyret heilautomatisert og fyrvaktarane slutta. Fyret er no fjernstyrt frå Wellington. I mai 2000 vart den originale linsa og lampen skifta ut med ein 50 watt lynblinklampe. Denne lampen får straum frå solceller. Lampen lyser kvart 12. sekund og er synleg på 19 nautiske mils (35 km) fråstand.
[endre] Turisme
Omlag 150 000 turistar vitjar staden kvart år. Utanom toalett er staden ikkje tilrettelagt for tilreisande. Dette vert no snart endra; frå 2008 skal eit nytt informasjonssenter vera ferdig. Det skal innehalda ein kafe, souvenirbutikk og utsiktsplattformer. Senteret skal også vera ein stad der folk kan læra om maorikultur og den andelege betydninga til dette lokalområdet.