Kaitaia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaitaia er ein by i Northland, heilt nord på Nordøya på New Zealand. Byen ligg heilt innerst på halvøya Aupouri Peninsula, omlag 160 km nordvest for Whangarei. Dette er den siste større busetnaden langs hovudvegen nordetter til nesa og havbuktene i den nordlegaste delen av Nordøya. Ahipara Bay, den sørlegaste delen av Ninety Mile Beach, ligg fem kilometer vest for byen.
[endre] Den første busetnaden
Misjonsstasjonen The Kaitaia Mission Station vart grunnlagt i 1834 av misjonærane Joseph Matthews og William Puckey.
Hovudnæringsvegane til byen er skogindustri og turisme. Etter folketeljinga frå 2006 er innbyggjartalet 5202.
Det var planar om å forlengja jarnvegen Okaihau Branch til Kaitaia, og arbeidet vart starta opp i 1920-åra, men då linja var nesten bygd ferdig til Rangiahua, viste nye utrekningar i 1936 at sidelinja ikkje ville vera rekningssvarande, så utbygginga vart stansa. Linja enda derfor i Okaihau til ho vart nedlagt 1. november 1987.
[endre] Referansar
- In the Shadow of Maungataniwha av Olwyn Ramsay ISBN 0-473-07554-7
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |