Carl Jóhan Jensen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl Jóhan Jensen (f. 2. desember 1957) er ein færøyisk forfattar, litteraturkritikar og omsetjar.
Jensen er fødd og oppvaksen i Tórshavn. Etter å ha gått grunnskule og realskule i Tórshavn reiste han i 1973 til Danmark for å ta vidare utdanning. I 1976 tok han artium og flytte heimatt til Færøyane. Der arbeidde han som journalist før han studerte færøyisk språk og litteratur på Universitetet på Færøyane. Etter eksamen i 1981 fortsette han studia på Island der han studerte ålmenn litteraturvitskap og islandsk fram til 1987. Han vart cand. phil i 1990. På 1990-talet budde han og familien fleire år i Tromsø, der kona hans arbeidde som generalsekretær i The North Atlantic Marine Mammal Commission.
Han var leiar for den færøyske forfattarforeininga, Rithøvundafelag Føroya, 1991–1992. Jensen var nominert til Nordisk råds litteraturpris i 1991 og 1998 og er nominert igjen i 2007.
[endre] Utgjevingar
- 1981 – Skríggj
- 1990 – Hvørkiskyn
- 1995 – Rúm
- 1997 – Tímar og rek
- 2000 – Mentir og mentaskapur
- 2005 – Ó - Søgur um djevulskap
[endre] Prisar
- 1989 - Den færøyske litteraturprisen (Bókmentavirðisløn M.A. Jacobsens)
- 2006 - Den færøyske litteraturprisen (Bókmentavirðisløn M.A. Jacobsens)