Island
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Ikkje noko | |||||
Offisielle språk | Islandsk | ||||
Hovudstad | Reykjavík | ||||
Styresett President
Regjeringsleiar |
Republikk Ólafur Ragnar Grímsson Geir Haarde |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
103 000 km² (107.) 2,7 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
296 737 (168.) — 3/km² (188.) |
||||
Sjølvstende |
17. juni 1944 | ||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
10 548 mill. USD (135.) 35 686 USD (5.) |
||||
Valuta | Króna | ||||
Tidssone | UTC | ||||
Nasjonalsong | Lofsöngur | ||||
Nasjonaldag | 17. juni | ||||
Internasjonal telefonkode | +554 | ||||
Nasjonale toppdomene | .is | ||||
Island, eller republikken Island, er eit øyrike i det nordlege Atlanterhavet mellom Grønland og Storbritannia, nordvest for Færøyane. Island var norsk skattland frå 1263 til 1814, og fekk sjølvstende frå Danmark i 1944.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Island vart kolonisert av norsk-irske og norske utvandrarar i slutten av 800-talet og gjennom 900-talet. Island har eit av dei eldste parlamenta eller nasjonalforsamlingane i verda, Alltinget, som vart danna i 930.
Island var sjølvstendig i meir enn 300 år, men vart frå 1263 underlagt Noreg. Då Noreg gjekk i union med Danmark fylgde Island med, men då Noreg gjekk tapt for Danmark i 1814 vart Island verande dansk. Eit avgrensa sjølvstyre vart innført i 1874, og sjølvstende fylgde i 1918. Den danske kongen var statsoverhovud fram til 1944, då Island vart ein republikk.
[endre] Geografi
Island er den attende største øya i verda og ligg like sør for polarsirkelen, om lag 1000 km vest for Noreg. Øya ligg på den midtatlantiske ryggen der dei eurasiatiske og nord-amerikanske kontinentalplatene glir frå kvarandre. Dette gir geologisk ustabile tilstandar med hyppige jordskjelv og vulkanutbrot. Sjå kartet som visar kor den midtatlantiske ryggen går i gjennom Island, og at de mest aktive vulkanane ligg på denne ryggen. Men den geologiske aktiviteten gir au varme kjelder som islendingene utnyttar til oppvarming, kraftproduksjon og i turistnæringa. Island har ein aktiv «bassengkultur» i dei mange svømmebassenga au utandørs, som er varma frå varme kjelder. Til dømes Reykjavik har sju offentlige bad, av dei er kun eit under tak.
Grovt sett kan Island deles i to: kystområda som er innskåra av fjordar og innlandet som for en stor del består av fjellområde, lavaørkener og isbreer. Befolkninga bor stort sett langs kysten, serleg i reykjavíkområdet sørvest på Island. Det går veg rundt heile øya, og det er mogleg å krysse innlandet med terrengbilar.
- Høgaste fjell: Hvannadalshnúkur (2110 moh.)
- Lengste elv: Þjórsá (Thjórsá) (237 km)
- Største innsjø: Þingvallavatn (Thingvallavatn)
[endre] Klima
Klimaet på Island er maritimt, sterkt påverka av den varme Golfstraumen og lågtrykka som nesten alltid passerer nær Island. Lågtrykka gjer Island til ein vindfull og skya stad, og Reykjavik har i snitt over 40 dagar med sterk kuling eller meir. Snittemperaturen i Reykjavík er 11°C i juli og -1°C i januar, og er den hovudstaden med lågast middeltemperatur om sommaren (visst ein ser bort i frå Nuuk på Grønland).
Somrane er litt tørrare enn vintrane, med regn eller regnbyger eit par gonger i veka. Dei vulkanske ørkenane nordaust på Island ligg i regnskuggen av dei store breane og får mindre enn halvparten av nedbørsmengda som Reykjavik får. Reykjavík har om lag samme årsnedbør som Oslo, 779 mm, men like mange dagar med regn som Bergen, heile 213 dagar.
Ingen stader på Island får særleg varmt vêr, og berre i dei nordaustlege områda er det vanleg med temperaturar over 20ºC om sommaren. Den nordlege kysten har ofte det mildaste vêret på grunn av sørleg vind som gjev ein fønvindeffekt over dei sentrale fjellområda.
Det meste av Island er dekka av snø frå november til april, men perioder med mildvêr og regn kan minke eller fjerne snødekket i sørlege og austlege område i korte periodar. Kraftige vinterstormar kan føre til snøstorm, som gjer det vanskeleg å ferdast utafor Reykjavik.
[endre] Politikk
Island sitt parlament Alltinget har 63 medlemer, som vert valde for fireårsperiodar. Regeringsleiar er statsministeren, som saman med regjeringa har regjeringsmakta. Statsministeren vert utnemnd av presidenten. Presidenten er statsoverhovud og vert vald kvart fjerde år.
[endre] Fylke
Island er delt inn i 23 fylke (sýslur, eintal sýsla):
- Árnessýsla
- Austur-Barðastrandarsýsla
- Austur-Húnavatnssýsla
- Austur-Skaftafellssýsla
- Borgarfjarðarsýsla
- Dalasýsla
- Eyjafjarðarsýsla
- Gullbringusýsla
- Kjósarsýsla
- Mýrasýsla
- Norður-Ísafjarðarsýsla
- Norður-Múlasýsla
- Norður-Þingeyjarsýsla
- Rangárvallasýsla
- Skagafjarðarsýsla
- Snæfellsnes-og Hnappadalssýsla
- Strandasýsla
- Suður-Múlasýsla
- Suður-Þingeyjarsýsla
- Vestur-Barðastrandarsýsla
- Vestur-Húnavatnssýsla
- Vestur-Ísafjarðarsýsla
- Vestur-Skaftafellssýsla
I tillegg til fylka er det 14 byar eller kaupstaðir:
- Akranes
- Akureyri
- Hafnarfjörður
- Húsavík
- Ísafjörður
- Keflavík
- Kópavogur
- Neskaupstaður
- Ólafsfjörður
- Reykjavík
- Sauðárkrókur
- Seyðisfjörður
- Siglufjörður
- Vestmannaeyjar
[endre] Verdt å sjå
- Den blå laguna (Bláa lónið)
- Þingvellir
- Geysir
- Gullfoss
- Vatnajökull
[endre] Sjå au
Den europeiske unionen (EU) og EØS-området: Austerrike | Belgia | Bulgaria | Danmark | Estland | Finland | Frankrike | Hellas | Irland | Italia | Republikken Kypros | Latvia | Liechtenstein | Litauen | Luxembourg | Malta | Nederland | Polen | Portugal | Romania | Slovakia | Slovenia | Spania | Tsjekkia | Tyskland | Storbritannia | Sverige | Ungarn |
Berre EØS: Island | Liechtenstein | Noreg |