Charles Montesquieu
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charles Montesquieu (18. januar 1689–10. februar 1755) Charles Louis de Secondat, baron de La Brède et de Montesquieu var ein fransk aristokrat, filosof og samfunnsforskar. I sitt mest kjende verk L'Esprit des Lois, Lovens ånd, analyserte han lovverket som eit sosialt fenomen og utforma maktfordelingsprinsippet. Han hadde ei djuptgripande interesse for politisk styring, fridom og pluralisme. Han vart ein viktig person i opplysingstida.
![]() |
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |