Lov
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Innhaldsliste |
[endre] Noreg
I Noreg er ei lov definert som ein generell rettsregel gjeven av Stortinget etter reglar heimla i den norske grunnlova.
Lovar vedtekne til og med 1968 vert identifiserte med sanksjonsdato, og eit tal dersom det vart vedtekne fleire lovar same dag. Lovar vedtekne frå og med 1969 vert identifiserte med årstal og eit stigande nummer gjennom kalenderåret.
[endre] Saksgangen fram mot lovvedtak
[endre] Regjeringa si førebuing
- I større og særleg viktige lovsaker oppnemner Regjeringa eit utval. Utvalet greiar ut om faktiske tilhøve og rettslege problemstillingar. Utgreiinga og eit utkast til lov vert levert i form av ein NOU eller ein rapport til det departementet sakstypen normalt sorterar under.
- Departementet sender lovutkastet til andre relevante departement og organisasjonar til høyring.
- I sakar der ein har ein NOU og høyringsuttalingar frå organisasjonar vert NOUen samanfatta med uttalingane og departementet sine eigne kommentarar i ein odelstingsproposisjon (Ot.prp.) I mindre lovsaker utarbeider departementet direkte eit lovframlegg i form av ein odelstingsproposisjon (Ot.prp.).
- Kongen i statsråd (Regjeringa) vedtek proposisjonen og sender han vidare til Stortinget for handsaming.
[endre] Stortinget si handsaming
- Den relevante fagkomiteen vurderar proposisjonen og gjev eventuelt kommentarar med instillinga til Odelstinget (Innst.O.).
- Odelstinget vurderer lovsaka og fattar vedtak. (Forh.O.)
- Lagtinget vurderar lovsaka og fattar i utgangspunktet endeleg vedtak. (Forh.Lt.) Dersom Lagtinget ikkje sluttar seg til Odelstinget sitt vedtak legg det ved "Lagtinget sine merknader" og sender saka attende til Odelstinget. Dersom det er usemje mellom Lag- og Odelsting to gonger må lovsaka opp til plenumsvotering i Stortinget, og krevjer 2/3 fleirtal for å verte vedteke.
[endre] Kongen i statsråd (Regjeringa) sin sanksjon
- Kongen signerar og statsministeren kontrasignerar vedtaket.
[endre] Kunngjering
- Lovvedtaket vert kunngjort gjennom Norsk Lovtidend og registrert i Lovdata-systemet. Lova gjeld i utgangspunktet frå ein månad "etter den dag da det nummer av Norsk Lovtidend ble utgitt som inneholder kunngjøringen av loven" jf. LOV-1969-06-19-53 (Lov om Norsk Lovtidend)
![]() |
Denne rettsvitskaplege artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over rettsvitskapsspirer. |