Christian H. Grosch
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Heinrich Grosch (21. januar 1801–4. mai 1865) var ein norsk arkitekt. Han vart fødd i København, og døydde i Christiania)
Han vart den fremste og mest produktive arkitekten i Noreg i første del av 1800-talet, og han teikna flesteparten av dei offentlege byggverka i den nye hovudstaden Christiania.
Faren var koparstikkar H. A. Grosch, lærar ved Den kgl. Tegneskole i Christiania. Christian H. Grosch fekk si grunnleggjande utdanning ved Tegneskolen, der han òg sjølv underviste. I 1824 fullførde han studia ved Akademiet i København. Attende i Noreg vart han assistent for arkitekt Linstow under prosjekteringa av Slottet. I 1827 ble han stadskonduktør – byplansjef og bygningssjef – i Christiania. Samstundes kunne han driva ein utstrekt privat praksis.
Melom dei viktigaste arbeida som arkitekt er Børsen frå 1828, Norges Bank si Christiania-avdeling 1830, Observatorieti Oslo 1834, Christiania Theater 1837, Universitetsbygget i Oslo sentrum 1838-1854, Basarhallane og Brannvakta ved Vår Frelsers kirke 1840-1859, og Krohgstøtten Sykehus 1859. I tillegg til desse og andre offentlege bygg i hovudstaden teikna han ei lang rad bygardar, landstader og industribygg. Utanfor Oslo har han mellom anna teikna Latinskolen og Rådhuset i Halden og Tollboden i Stavanger. Som arkitekt for kyrkjer sette han spor etter seg over heile landet – kring 80 kyrkjer frå Halden til Kirkenes.
Dei tidlege arbeida til Grosch syner sterk innflyting frå dansk klassisisme og læraren C. F. Hansen. Etter at han byrja arbeidet med Universitetsbygga, vart han sterkt påverka av den preussiske arkitekten Schinkel. Han gjorde endringar på fasadeteikningane til dette hovudverket av Grosch. Etter 1840 byrja Grosch å arbeida i nyromansk og nygotisk stil, med fasadar vesentleg i upussa tegl. Grosch teikna òg også ei rad bustadar og kyrkjebygg i tre, i sveitsarstil med innslag av nygotikk og elementar frå norske stavkyrkjer.
[endre] Kjende byggverk
- 1828 Børsen
- 1830 Norges Banks Christiania-avdeling
- 1834 Observatoriet i Oslo
- 1837 Christiania Theater
- 1838-1854 Universitetsbygget i Oslo sentrum
- 1840-1859 Basarhallane og Brannvakta ved Vår Frelsers kirke
- 1849-1852 Valbergtårnet i Stavanger
- 1851 Tjøtta kyrkje
- 1859 Krohgstøtten Sjukehus
- 1860 Nes kyrkje
- 1862-1863 Herdla kyrkje
[endre] Lenkjer ut
- Finn din Grosch Vandreutstilling frå Nasjonalmuseet for kunst arkitektur og design
- Christian Heinrich Grosch www.artemisia.no