Kyrkje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For kyrkja som kulturell, andeleg og administrativ institusjon, sjå Kyrkja.
Kristendommen |
Utøving |
Forbøn | gudsteneste | kyrkje | liturgi | nattverd | sabbat | sakrament |
Ei kyrkje er eit vigsla sakralbygg for kristne gudstenester, bøn og andre rituelle handlingar.
Ordet kyrkje kjem opphavleg frå gresk kyriakon (κυριακον), '[huset] åt Herren'. Men ordet kan òg vera ei omsetjing av ekklesia (ἐκκλησία), 'folkesamling'. Dermed kan kyrkje både visa til huset kristne samlar seg i, og til sjølve kyrkjelyden.
Med ordet kyrkje meinest i Lov av 7. juni 1996 nr 31 om Den norske kirke, § 31, soknekyrkje eller kapell som er godkjent av Kongen eller departmentet, eller som har vore kyrkje frå gammalt av. Det skal vere kyrkje i kvart sokn. Kyrkjene er soknet sin eigedom, om ikkje anna følgjer av særskild rettsgrunnlag. Desse kyrkjene vert forvalta av kyrkjeleg fellesråd. Det er eit kyrkjeleg fellesråd i kvar kommune.


[endre] Sjå òg
- Bedehus
- Domkyrkje
- Kapell
- Stavkyrkje
![]() |
Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over religionsspirer. |