Christian Sinding
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian August Sinding (11. januar 1856—3. desember 1941) var ein norsk komponist.
[endre] Liv
Sinding vart fødd i Kongsberg den 11. januar 1856. Han byrja å studere musikk i Oslo og flytte så til Tyskland, der han studerte under Salomon Jadassohn ved konservatoriet i Leipzig. Han budde i Tyskland det meste av livet sitt, men fekk regelmessig økonomisk stønad frå Noreg. I 1920 og 1921 var han i USA for å undervise i komposisjon ved Eastman School of Music i Rochester i New York.
Han er Tone Sinding Steinsviks bestefar.
[endre] Verk
Dei mange lyriske pianostykka og songane hans fekk mange til å sjå på Sinding som Edvard Griegs etterfølgjar. Sinding blir idag særleg hugsa for eitt av desse stykka, «Vårbrus» («Frühlingsrauschen» på tysk, ofte omsett til «Rustle of Spring» på engelsk) frå 1896. Mellom dei andre verka hans, som sjeldan blir spela i dag, er fire symfoniar, tre fiolinkonsertar, ein pianokonsert, ymse kammermusikk og operaen Det hellige Bjerg frå 1914.