Codex Argenteus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Codex Argenteus eller Sølvbibelen er den offisielle nemninga for den gotiske bibelen, som vart skriven i 330. Omsetjaren var den lærde skribenten Wulfila eller Ulfilas, som er rekna som misjonær for gotarane.
Denne bibelutgåva finst berre i fragment, og det meste som er att er frå det nye testamentet. Her finn ein tekstbrot frå evangelia og ei rekkje av breva. Boka er rekna som det viktigaste kjeldeskriftet til kunnskap om gamal gotisk. Den originale teksta finst på universitetet i Uppsala.