Det nye testamentet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristendommen |
Skrifter |
Det nye testamentet, ofte forkorta til NT, er ein del av den kristne Bibelen. Det inneheld 4 evangelium, 13 brev av Paulus, Hebrearbrevet, 7 andre brev og Johannes' openberring. Dei 27 skriftene handlar om Jesus og om dei første kristne.
Uttrykket Det nye testamentet tyder eigentleg «den nye pakta» som dei kristne meinte dei hadde med Gud.
Tekstene i NT, som det vert kalla, vart skrivne frå om lag 50 etter Kristus, og fram til om lag 90 (openberringa). Dei yngre tekstene som er skrive etter 100 vert ikkje rekna som kanoniske, men vert gjerne omtala som gnostiske evangelia.
Det nye testamentet vart redigert og gjort ferdig mot slutten av 300-talet etter ei lang utveljingsprosess og harde drøftingar. Hovudæra for dette arbeidet vert gjeven Hieronymus, som gav NT den forma det har hatt sidan. Hans utgåve var einerådande i vestkirka fram til 1511, då grunnteksta vart omsett på nytt frå gresk av Erasmus frå Rotterdam.
[endre] Sjå òg
Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over religionsspirer. |