Dag Terje Andersen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dag Terje Andersen (f. 27. mai 1957) i Frogn i Akershus fylke) er ein norsk politikar (Ap). Han er frå 29. september 2006 statsråd i Nærings- og handelsdepartementet.
Han var valt inn på Stortinget frå Vestfold i 1997, og vart på nytt valt i 2005. Han var varerepresentant i perioden 1985 – 1993 og 2001 – 2005.
Andersen arbeidde i perioden 1977–79 som smelteverksarbeidar, 1979–92 og 2002 som skogsarbeidar.
Andersen vart første gong medlem av Lardal kommunestyre i 1983. Frå 1987 til 1992 var han ordførar i kommunen. Han var først politisk rådgjevar i Utanriksdepartementet og seinare statssekretær for sosialsaker i Sosialdepartementet i 1992. Han var partisekretær i Arbeidarpartiet frå 1992 til 1996.
[endre] Regjering
- 29. september 2006 - statsråd Nærings- og handelsdepartementet.
- 25. oktober 1996 - 17. oktober 1997 statsråd Landbruksdepartementet.
[endre] Stortingskomitéar
- 2005–2009 leiar av Kommunal- og forvaltningskomitéen.
- 1997–2001 leiar av Finanskomitéen fra 23. mars 2000.
- 1997–2001 medlem av Finanskomitéen til 23. mars 2000.