23. mars
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
23. mars er den 83. dagen i den gregorianske kalenderen (84. under skotår). Det er 283 dagar att av året.
Innhaldsliste |
[endre] Merkedag
[endre] Nasjonaldagar og nasjonale ikkje-religiøse flaggdagar
- Pakistan sin nasjonaldag
[endre] Fast religiøs helgedag
(Helgedagar som følgjer måneåret i kristendommen (t.d. påske og pinse), jødedommen og islam er ikkje medtekne her, ettersom desse fell på ulik gregoriansk dato frå år til år.)
[endre] Primstaven
[endre] Namnedag
Noreg | Gerda og Gerd |
Sverige | Gerda og Gerd |
Danmark | Fideli |
[endre] Helgendag i den katolske kyrkja
[endre] Hendingar
[endre] Utlandet
- 752 – Stefan II vart pave.
- 1801 – Tsar Paul I av Russland vart drepen på sitt eige soverom.
- 1839 – Det første opptaket av forkortelsen «OK» (oll korrect).
- 1903 – Brørne Wright søkte om patent for si oppfinning av flyet.
- 1919 – Benito Mussolini grunnla fascistrørsla i Milano.
- 1933 – Den tyske riksdagen gav Adolf Hitler uinnskrenka makt over Tyskland.
- 1935 – Grunnlova for Det filippinske samveldet vart signert.
- 1942 – Andre verdskrig: Japanske styrkar erobra Andamanane i Indiahavet.
- 1948 – Det danske Folketinget vedtok Heimestyrelova for Færøyane som gjorde Færøyane til eit sjølvstyrt folkesamfunn i det danske riket.
- 1956 – Pakistan vart den første islamske republikken.
- 1978 – Dei første UNIFIL-styrkane kom til Libanon.
- 1980 – Folkerøystinga om atomkraft i Sverige
- 1994 – Den mexicanske presidentkandidaten Luis Donaldo Colosio vart drepen i eit attentat under eit valkampoppdrag.
- 1996 – Lee Teng-hui vart president i republikken Kina (Taiwan.
- 1999 – Paraguay sin visepresident Luis María Argaña vart drepen i eit attentat.
- 2001 – Den russiske romstasjonen Mir styrta i Stillehavet ved New Zealand.
[endre] Noreg
- 1966 – Vogt-komitéen leverte sin endelege vurdering av språksituasjonen i Noreg.
- 1999 – Teikneseria Nemi debuterte som fast stripe i avisa Dagbladet.
[endre] Fødde
- 1856 – Johan Nordhagen, norsk kunstmålar (d. 1956)
- 1858 – Ludwig Quidde, tysk historikar, forfattar, politikar og vinnar av Nobels fredspris i 1927 (d. 1941)
- 1877 – Marta Steinsvik, norsk forfattarinne, omsetjar og målkvinne (d. 1950)
- 1900 – Erich Fromm , psykoanalytikar (d. 1980)
- 1910 – Akira Kurosawa, japansk filmregissør (d. 1998)
- 1912 – Dr. Wernher von Braun, tysk-amerikansk fysikar og ingeniør (d. 1977)
- 1943 – Nils-Aslak Valkeapää, finsk-samisk kunstnar, musikar og forfattar (d. 2001)
- 1951 – Vinci Clodumar, naurisk politikar
- 1956 – José Manuel Durão Barroso, portugisisk politikar og president i Europakommisjonen
- 1960 – Espen Beranek Holm, norsk rockemusikar
- 1968 – Sigmund Jensen, norsk forfattar