Kasus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit kasus er ein grammatisk kategori som viser kva funksjon dei nominale setningsledda har i setninga. I norsk har dei personlege pronomena kasus, skilnaden mellom eg og meg og du og deg i setningar som eg ser deg og du ser meg er ein kasusskilnad, eg og du er nominativsformer og meg og deg er akkusativformer.
Det finst i hovudsak to kasussystem, nominativ-akkusativ-system og ergative system.
[endre] Nominativ-akkusativ-system
I desse systema har subjektet til transitive verb same kasus som subjektet til intransitive verb. Det er mange døme på nominativ-akkusativ-system, eitt kan vere indoeuropeiske språk.
[endre] Kasus i norske dialektar
Tal: | Eintal | Fleirtal | ||||
---|---|---|---|---|---|---|
Bundenheit: | Ubunden form | Bunden form | Ubunden form | Bunden form | ||
Kasus: | N/A/D | N/A | D | N/A/D | N/A | D |
Gudbrandsdalen | einn båt | 'båtn | 'båté | "båte | "båtæinn | "båtåm |
Selbu | en båt | 'båtn | 'båtã | "båta | "båtainn | "båtåm |
Nordmøre | εn båt | 'båtn | 'båta | "båta | "båtainn | "båtå |
I mange norske dialektar finn ein òg kasusbøying av substantiv. I ubunden form er det ikkje kasusdistinksjon, men i bunden form er det ein skilnad mellom dativ (for indirekte objekt og etter visse preposisjonar, i prinsippet dei same som i tysk, og nominativ for alle andre grammatiske funksjonar, inkludert objekt. Som regel er det slik at i eintal dativ får hankjønnssubstantiv same suffiks som vi finn for eintal nominativ hos hokjønnssubstantiv, og omvendt, mens inkjekjøn får eit eige suffiks. I fleirtal får alle genera same suffiks, som regel -om i austnorske og -o i vestnorske dialektar. (Sjå tabellen til høgre.)
Særskilde dativformer av substantiv finst i dag hovudsakleg i midlandsmål, nordlege e-mål og trøndsk sørom Trondheimsfjorden, og dei fleste stadene er desse formene på sterkt vikande front mellom yngre språkbrukarar.
[endre] Ergative system
I desse systema har objektet til transitive verb same kasus som subjektet til intransitive verb. Det er mange døme på nominativ-akkusativ-system, eitt kan vere grønlandsk.
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |