Den norske grunnlovsdagen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den norske grunnlovsdagen er den norske nasjonaldagen og blir feira av nordmenn i Noreg og utlandet. Dagen blir feira den 17. mai kvart år, og blir vanlegvis bare kalla syttande mai.
Grunnlovsdagen blir feira til minne om den norske grunnloven, som blei underskriven på Eidsvoll den 17. mai 1814. Dagen har likevel utvikla seg til å meir generelt feira norsk fridom og nasjonalkjensle, i tillegg til å vera ein karnvealsaktig festdag der folk kler seg opp, kjem ut i gatene og morar seg.
[endre] Tog
Den viktigaste hendinga på syttande mai er dei mange toga, som blir haldne så godt som alle stader det bur nordmenn. Som regel har ein eit barnetog, som inkluderer ungar frå barnehagealder til elevar frå vidaregåande skule, og eit folketog, der frivillige lag og organisasjonar er med. I tillegg kan ein ha eit russetog, der årets russ gjer vittige ting. Toga er prega av korps som speler marsjar og særskilde nasjonalromantiske «syttende mai-songar». Ein har ulike tradisjonar ulike stader i Noreg. I Oslo går barnetoget forbi Slottet, der kongefamilien står på balkongen og vinker til dei. I Bergen set buekorpsa sterkt preg på dagen.
Dei norske syttande mai-toga skil seg frå dei meir offisielle paradane mange andre land arrangerer på nasjonaldagane sine ved at alle kan delta, og ved fokuset på ungar.
[endre] Klede
Dei som har bunad kler seg gjerne i denne på nasjonaldagen. Elles vél mange å kle seg i ein eller fleire av nasjonalfargane, raudt, kvitt og blått. Det er òg vanleg å ha på seg klede som er nyinnkjøpte til denne dagen.
[endre] Mat
For mange er syttande mai-menyen prega av mykje lettvint snøggmat, som pølser og pommes frites. Det er vanleg for ungar å få lov til å eta «så mykje is dei kan». Eggedosis er òg vanleg å servera denne dagen.
Blant norsk-amerikanarar er det vanleg å servera norsk tradisjonsmat, som lutefisk, på nasjonaldagen.