Det internasjonale pengefondet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det internasjonale pengefondet (engelsk: International Monetary Fund, IMF) er ein organisasjon med 184 medlemsland. Organisasjonen arbeider for å fremje internasjonalt pengesamarbeid, ordna valutaforhold, stabil økonomisk vekst, høg sysselsetjing, samt å yte finansiell bistand til fattige land.
Pr. 31.12.2003 hadde fondet eit samlet utlån på 107 milliardar amerikanske dollar.
IMF vart oppretta i 1945, for å få orden på verdsøkonomien etter den andre verdskrigen.
Dei siste åra har IMF vorte sterkt kritisert av anti-globaliseringsrørsla for å presse eit marknadsliberalistisk system på landa dei stør økonomisk. Kritikken har gått ut på at Pengefondet krev omstrukturering og privatisering av offentlig sektor.
Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over økonomispirer. |