Det tysk-romerske riket
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Det tysk-romerske riket, offisielt Det heilage romerske riket av tysk nasjon (tysk Heiliges Römisches Reich deutscher Nation, fork. HRR, latin Sacrum Imperium Romanum Nationis Germanicae), var ei nemning på det gamle tyske imperiet som oppstod frå det karolingiske Aust-Frankarriket på 900-talet og vara fram til 1806. På norsk er riket vanlegvis referert til som det tysk-romerske riket. I Tyskland vert det gjerne kalla «det gamle riket» (i motsetnad til det nye).
Med kroninga av frankarkongen Karl den store til keisar av pave Leo III i Roma i år 800 vart sambandet knytt til det gamle romerske keisarriket. Etter å ha gått delvis i oppløysning vart riket gjenoppretta av Otto I den store i 962.
I 1254 vart for fyrste gong namnet Sacrum Imperium Romanum (Heiliges Römisches Reich) nytta, eit namn som understreka motsetninga til det tidlegare heidenske romarriket, men gav òg ei sakral grunngjeving for tyske herskarar sitt overherredøme over «Kveldlandet» (Abendland, den vestlege verda). Tillegget «av den tyske nasjon» (Nationis Germanicae) oppstod i seinmellomalderen. Fram til 1806 var Tyskland sitt offisielle namn Heiliges Römisches Reich deutscher Nation.
Då Napoleon Bonaparte kom til makta i Frankrike invaderte han Tyskland. Invasjonen førde til ein okkupasjon av ein stor del av dei keiserlige landområda. Det tysk-romerske riket fall etter kvart saman. Keisar Franz II la i 1806 ned krona som tysk-romersk keiser. Samstundes utropte han seg til keisar av Austerrike. På Wienerkongressen etter sigeren over Frankrike slutta dei tyske statane seg igjen saman i det tyske samband (Deutscher Bund).
[endre] Litteratur
- Gotthard, Axel (2003): Das Alte Reich. Darmstadt: Wissenschaftliche Buchgesellschaft, ISBN 3534151186
- Schmidt, Georg (1999): Geschichte des Alten Reiches. Staat und Nation in der Frühen Neuzeit 1495 - 1806. München: C.H.Beck, ISBN 340645335X
[endre] Sjå òg
- Keisarar av det tysk-romerske riket