Draumkvedet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Draumkvedet er ein av dei største balladane i sitt slag i Europa, og eineståande i nordisk samanheng.

Vi veit ikkje når diktet vart til, men fleire variantar overlevde i folketradisjonen i Telemark. Forskarane er usamde om alderen på kvedet, men i dag er dei fleste samde om tida kring 1450. Det har óg vore lagt fram at visa er dikta i Telemark, sidan ho ikkje er nedskriven andre stader.
Alle dei nedskriftene som finst er skrivne ned i Kviteseid, Lårdal eller Seljord. Nokre brot var óg å finne i Vinje. Diktet vart første gongen prenta i balladesamlinga Magnus Brostrup Landstad gav ut i 1853. Landstad skreiv ned ein versjon etter atten år gamle Maren Ramskeid frå Kviteseid, og denne forma av visa reknast som den mest fullstendige. Anne Lillegård frå Lårdal vert og rekna som ei viktig kjelde til visa.
Diktet tar, på liknande vis som Den guddommelege komedien til Dante, føre seg ein ferd gjennom dødsriket og himmelriket. Hovudpersonen og forteljaren er ein mann ved namn Olav Åsteson. Han legg seg til å sova ein julekveld, og reisa til det hinsidige er ein draum/visjon han har. Han vaknar opp trettande dag jul og drar til kyrkja for å fortelje om «hendingane» sine.
Diktet tar plass i ei katolsk/mellomaldersk verd, med innslag frå norsk/norrøn kultur og folketru. Dette gjør at vi kan datere diktet til ein gong mellom ca 1100 og 1537. Diktaren er opptatt av å åtvare folk mot å leva eit «ukristent» liv, og vi får sjå korleis dette straffar seg, og korleis dei som har levd «bra» får det godt etter døden, som vi ser i utdraget nedanfor.
Utdraget er enkeltvers frå den mest kjende nedskrifta som Moltke Moe gjorde i 1890-åra basert på fleire kjelder:
1.
- Vi'du me lye, eg kvea kan
- um einkvan nytan drengjen,
- alt um'n Olav Åsteson,
- som heve sovi so lengji.
2.
- Han la seg ne um joleaftan,
- sterkan svevnen fekk,
- vakna 'kji fyrr um trettandagjen,
- då folkkji at kjyrkjun gjekk.
- Å de va Olav Åsteson,
- som heve sovi so lengji.
5.
- Presten stend'e fyr altari
- å les upp lestine lange,
- Olav set seg i kyrkjedynni
- å tel'e draumane mange.
- Å de va Olav Åsteson,
- som heve sovi so lengji.
20.
- Bikkja bit, å ormen sting,
- å stuten stend å stangar -
- de slepp ingjen ivi Gjallarbrui
- som fedder domane vrange.
- For månen skin'e,
- å vegjine fadde so vie.
31.
- Der kom færi noranti,
- de totte eg vera vesst;
- fyri rei Grutte gråskjeggji,
- han rei på svartan hest.
- I brokksvalin
- der skò domen stande.
37.
- De va sankte såle-Mikkjel,
- han vog i skålevikt;
- so vog han adde synde-såline
- burt ti Jesum Krist.
- I brokksvalin
- der skò domen stande.
43.
- Der møtte eg dei òrmane tvei,
- dei bite kvòrare i spori:
- de va dei synduge syskjenbònni
- som gifte kvòrare på jori.
- I brokksvalin
- der skò domen stande.
46.
- Sæl er den i fø'esheimen
- fatige gjev'e sko:
- han tar inkje berrføtt gange
- på kvasse heklemog.
- Tunga talar,
- og sanning svarar på domedag.
52.
- Gamle mennar å unge
- dei gjev'e etti gaume;
- de va han Olav Åsteson,
- no hev 'en tålt sine draume.
(såle-Mikkjel = erkeengelen Mikael, kvòrare = kvarandre, fø'esheimen = på jorda, heklemog = torner (overført tyding))
Diktet er oppdelt i åtte delar, med til saman 52 strofar (fire verselinjer i kvar, pluss omkved som skiftast for kvar del. Sjå utdrag over.)
Visa har vore handsama musikalsk fleire gonger, av David Monrad Johansen, Johan Kvandal, Eivind Groven og Arne Nordheim.