DS «Oster»
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
DS «Oster» er ein dampbåt som vart bygd 1908 ved Christianssands Mek. Værksted for Indre Nordhordlandske Dampskibsselskab. Han gjekk i fast rute mellom Osterfjorden og Bergen som kombinert passasjer- og lastebåt. I 1963 skreiv den bergenske døvepresten Ragnvald Hammer diktet «Dar kjem dampen» til ære for rutebåten. Ivar Medaas sette seinare melodi til dette diktet.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
[endre] Ut av vinterisolasjon
Det var Modalen kommune som i 1906 sendte ei oppmoding til styret i Indre Nordhordlandske Dampskibsselskab om å byggje ein ny rutebåt som kunne forsera isen som elles låg kommunen i vinterisolasjon. Styret i INDS gjorde året etter vedtak om å byggje ein båt med kraftig motor og eit sterkt skrog. Det var Christianssands Mek. Værksted som fekk i oppdrag å byggje båten ved byrjinga av 1908. Same året vart båten levert og han fekk namnet DS «Oster». Båtens eigenskapar som isbrytar innfridde alle forventningane som folk hadde. Den første kapteinen vart Tobias Andersen Hordvik, fødd 1867, som hadde hatt fartstid som kaptein ifrå han var 19 år.
[endre] Okkupasjonsåra
Etter at Noreg kom med iden andre verdskrigen i 1940, vart DS «Oster» overtatt av tyskarane og omdøypt «Marder». Båten gjekk no i tysk patruljeteneste inntil freden kom i 1945.
[endre] MS «Vaka»
Då okkupasjonen tok slutt fekk båten eit større vedlikehald etter krigslitasjen og noko manglande vedlikehald frå tysk side. DS «Oster» vart så atter ein gong satt inn i passasjertrafikk der han gjekk inntil 1964. Då vart båten seld og ombygd til reint transportfartøy. Dampkjelen vart bytta ut med oljemotor. Under namnet MS «Vaka» gjekk båten i frakt diverse stader på Sør- og Vestlandet.
[endre] Restaurering til opprinneleg stand
Etter 30 år som MS «Vaka» vart båten kjøpt av eldsjelar i Nordhordland Veteranbåtlag i 1996. Ein ville restaurere båten tilbake slik han var i opprinneleg stand med dampdreven motor. Båten fekk først namnet «Gamle Oster», men fekk så det opphavlege namnet DS «Oster» i år 2000. Den noverande motoren er ein 300 HK dampmaskin frå 1927, bygd av Alexander Hall, Aberdeen.
Den 11. juni 2005 vart «MS Oster» høgtidleg ærklert ferdig restaurert ved ein seremoni i Bergen. Seremonien fans stad ved «Skur 11», same plassen som rutebåten tidlegare hadde lagt til kai ved.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Denne artikkelen var utvald og presentert som vekas artikkel på hovudsida i 2006.