Elisabeth
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elisabet, Elisabeth og Elizabeth er eit bibelsk kvinnenamn som vart svært populært i Noreg i andre halvdel av det tjuande hundreåret. Det nådde ein topp som babynamn rundt 1980, men er no på rask vei ut. Elisabeth har namnedag 19. november i alle dei skandinaviske landa.
Namnet finst i fleire variantar, tilpassa dei fleste språka i Europa. Det er ein gresk variant av det hebraiske Elisheva (אלישבע), som tyder «Herren er min eid» eller kanskje «Herren er mi næring».
Innhaldsliste |
[endre] Utbreiing
Elisabeth er mest kjend som mora til Johannes døyparen. Som Isak var han eit mirakelbarn mora fekk på sine eldre dagar etter å ha gjeve opp håpet om barn. I det gamle testamentet finn me óg ei Elisabeth, ho var kona til Aron. Bibelen fortel at den yngre Elisabeth var av Aron si slekt. Innan seinare kristendom blei også den heilage Elisabeth av Thüringen ein viktig helgen.
Namnet blei etter kvart mykje brukt av kongelege, noko som gjorde mykje til at det blei spreidd. Den heilage Elisabeth som levde på ellevehundretalet var ei ungarsk kongsdotter som blei fransiskanernonne og levde resten av livet sitt i from armod. Elizabeth I av England, Isabella II av Spania og Jelizaveta av Russland gjorde nok óg sitt for å få namnet på moten.
Det finst 17.502 kvinner som heiter Elisabeth i Noreg, og 827 som heiter Elizabeth (tal frå Statistisk Sentralbyrå, frå 1. januar 2004). Nokre vanlege norske former av namnet er Elise, Elsa, Lisa, Liss, Lisbet og Betty.
[endre] Utanlandske variantar av Elisabeth
- Engelsk: Alica, Eliza, Elspeth, Libby, Liz, Lizzie, Lillibet, Bess, Betsy, Beth
- Finsk: Lusa
- Fransk: Lisette, Isabeau, Isabelle
- Frisisk: Telsa
- Italiensk: Elisabetta, Bettina
- Polsk: Elzbieta
- Russisk: Jelizaveta
- Spansk: Isabel, Isabella
- Svensk: Elisabet
- Ungarsk: Erzsebet
- Tysk: Elise, Elsa, Ilse, Liese, Liesel,
Andre utbreidde kortformer: Ella, Elli, Lisa, Sisi
[endre] Kjende Elisabether
[endre] Helgenar
- Elisabeth av Thüringen med minnedag 19. november
[endre] Kongelege
- Keisarinne Elisabeth av Austerrike
- Elisabeth av Habsburg, dronning av Polen
- Dronning Elisabeth I av England
- Dronning Elisabeth II av Storbritannia
- Elisabeth av Kiev, gift med Harald Hardråde
- Elisabeth av Portugal, Isabella av Aragon
- Elisabeth av Russland
- Elisabeth Stuart, kurfyrstinne av Pfalz, dronning av Bøhmen
[endre] Andre
- Elisabeth Andreassen, svensk songar
- Elisabeth Andreassen, norsk forfattar
- Elizabeth Barrett Browning, engelsk diktar
- Elizabeth Hurley, filmskodespelar
- Elisabeth Schweigaard Selmer, norsk justisminister
- Elizabeth Taylor, filmskodespelar
[endre] Bakgrunnsstoff
- Søk etter norsk namnestatistikk for Elisabeth hjå Statistisk Sentralbyrå