Enontekiö
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Fakta | |
Len: | Lapplands län |
Landskap: | Lappi |
Flatevidd (landjord): | 8463,59 km² |
Innbyggjartal: | 2 000 (31.12.2005) |
Folketettleik: | 0,3 innb./km² |
Postnummer: | 99300 - 99490 |
Retningsnummer: | 016 |
Ordførar: | Pentti Keskitalo, rådmann Aarne Kultima, kommunestyre |
Språk: | Finsk og nordsamisk |
Heimesida til kommunen |
Enontekiö (nords. Eanodat, enaresamisk Iänudâh, sv. Enontekis) er ein kommune i Lapin lääni i Finland. Kommunen er tospråkleg med finsk som majoritetsspråk og nordsamisk som minoritetsspråk.
Kommunen er forma som ein slags arm som strekk seg nordvestover frå resten av Finland. Han grenser til Sverige (Kiruna) i sørvest og Noreg (Kåfjord og Kautokeino) i nord og nordaust. Det er her at grensene mellom dei tre landa Finland, Sverige og Noreg møtest.
Administrasjonsstad og største tettstad er Hetta (nords. Heahttá) som har om lag 800 innbyggjarar. Den nordvestlegaste tettstaden i Finland, Kilpisjärvi, ligg like ved norskegrensa. På grunn av prisskilnaden mellom Noreg og Finland kjem mange nordmenn hit for å handla. Kaaresuvanto er ein annan viktig tettstad som ligg like ved grensa til Sverige.
Kommunen husar både det høgast fjellet i Finland, Haltiatunturi (nords. Halditjåkko), på 1 328 m, og den største fossen i landet, Pihtsusköngäs.
Enontekiö blei skapt i 1747 då han blei delt ut frå soknet Jukkasjärvi. Under freden i Fredrikshamn i 1809 blei han delt i den noverande finske kommunen aust for elvane Muonionjoki og Tornionjoki, og den svenske kommunen Karesuando som i dag er ein del av Kiruna.
[endre] Kjende folk frå Entonekiö
- Yrjö Kokko (1903-1977), forfattar
- Nils-Aslak Valkeapää (1943-2001), diktar
Kommunar i Lapin läani |
Enontekiö | Inari | Kemi | Kemijärvi | Keminmaa | Kittilä | Kolari | Muonio | Pelkosenniemi | Pello | Posio | Ranua | Rovaniemi | Salla | Savukoski | Simo | Sodankylä | Tervola | Tornio | Utsjoki | Ylitornio |