Nils-Aslak Valkeapää
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils-Aslak Valkeapää (23. mars 1943–27. november 2001) (fødd i Enontekiö, død i Espoo) var ein samisk kunstnar, musikar og forfattar med finsk statsborgarskap. Han budde i Käsivarsi i Finland og i Skibotn i Noreg.
Nils-Aslak Valkeapää var utdanna lærar. Den fyrste diktsamlinga kom i 1970, Terveisiä Lapista. Han var òg biletkunstnar og han komponerte musikk, mellom anna musikken til filmen Ofelaš (norsk tittel Veiviseren), der Nils Aslak Valkeapää òg hadde hovudrolla. Han stod bak det samiske kunstnarinnslaget under vinter-OL 1994 på Lillehammer.
Utgangspunktet for kunsten hans, var ofte joik, og det var også som joikar han starta det mangesidige kunstnarlivet sitt. I 1991 fekk han Nordisk Råds litteraturpris for diktsamlinga Beaivi, Áhčážan (på norsk: Solen, min far). I samband med prisutdelinga retta han flengjande kritikk mot medlemmene av rådet for manglande samisk representasjon i Nordisk Råd, og han gav eit samisk flagg som gåve til rådet.
Innhaldsliste |
[endre] Verk
- 1970 - Terveisiä Lapista (Norsk tittel: Helsing frå Sameland)
[endre] Diktsamlingar
- 1985: Ruoktu váimmus (Norsk tittel: Vindens veier)
- 1988: Beaivi, Áhčážan (Norsk tittel: Solen, min far)
- 1994: Nu guhkkin dat mii lahka (Norsk tittel: Så fjernt det nære)
- 1996: Jus gazzebiehtár bohkosivččii
- 1999: Girddán, seivvodan
[endre] CDar
- Beaivi, Áhčážan
- Sápmi, lottážan
- med fleire
[endre] Filmmusikk
- 1987: Ofelaš (norsk tittel: Veiviseren)
[endre] Bakgrunnsstoff
- «Nils-Aslak Valkeapää» – ein presentasjon på nettstaden rovaniemi.fi (engelsk)
Eg er berre ei spire med tankar få eg veks berre til om du fyller på |
Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira.. | |
Oversyn over litteraturspirer. |