Erich Hoffmann
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erich Hoffmann, fødd 23. april 1900, avretta ved henging 15. mai 1946 i Hamelin fengsel i Hamburg. Han hadde vore knytt til Gestapo i Bergen som sjåfør, seinare "fahrdienstleiter" og vart arrestert i Bergen i mai 1945. Han vart stilt for alliert rett i Oslo 10. desember 1945 for drap på krigsfangar (seks nordmenn og ein brite på MTB 345 i Bergen sommaren 1943). 13. desember 1945 vart han dømd til døden ved henging, transportert til Hamelin fengsel i Hamburg, og avretta der 15. mai 1946.