Brukardiskusjon:Erling
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hjarteleg velkomen på nynorskwikipediaen! Jarle 21. des 2004 kl. 21:50 (UTC)
Hjarteleg velkommen ombord frå meg òg! Fint at vi får med oss solide fagfolk med mange ulike ståstader! :-) -- Olve 21. des 2004 kl. 22:30 (UTC)
Mange takk for gode helsingar! --Erling 22. des 2004 kl. 14:16 (UTC)
Hei Erling, gratulerar med brukarkontoen. Det går lettare å snakka saman då! -- Ranveig 24. des 2004 kl. 10:29 (UTC)
Hei Erling, takk for rettinga på masseøydeleggjing :) Endå trivelegare å sjå at eg vart retta av han som hadde namnet eg ønskte meg då eg registrerte meg i dag! Guten
[endre] Belarus?
Hei, eg ser at du har brukt namnet Belarus i ein del artiklar. Så vidt eg veit, heiter landet Kviterussland på norsk (eg finn heller ikkje Belarus på Norsk språkråd sine namnesider). Men du har kanskje andre grunnar til å bruka Belarus? -- Ranveig 26. des 2004 kl. 13:55 (UTC)
Hei, Ranveig. Eg har ikkje anna grunn for å bruke nemninga Belarus enn at det er det landet heiter på kviterussisk (på russisk heiter det Bjelo-), og at dette namnet lett kan uttalast på norsk. Men landet kan gjerne kallast Kviterussland for meg, dersom du tykkjer det er betre.
Vennleg helsing --Erling 26. des 2004 kl. 15:05 (UTC)
Nei, eg trur det er greit om artiklane får sine særpreg. Det burde gå å skriva Belarus (Kviterussland), eller [[Kviterussland|Belarus]], der det første ordet lenkjer til artikkelen medan det siste synest. -- Ranveig 26. des 2004 kl. 22:13 (UTC)
- Språkrådet opererer med kortforma Kviterussland og det offisielle namnet Republikken Belarus.[1] Båe formene er med andre ord «lovlege» på nynorsk. -- Olve 27. des 2004 kl. 00:37 (UTC)
-
- Ja, då skal eg ikkje seia noko meir om det! Men eg bør kanskje læra meg å bruka Språkrådet sine sider litt betre. -- Ranveig 27. des 2004 kl. 14:40 (UTC)
Hei, alle. Eg vil berre seie frå at eg set pris på slike diskusjonar som dette, det er ein god måte å kvalitetssikre på. Takk til Ranveig for å reise spørsmålet. --Erling 27. des 2004 kl. 14:52 (UTC)
- Einig! :-D -- Olve 27. des 2004 kl. 19:57 (UTC)
[endre] Kløyvd infinitiv
Hei Erling,
Grunnregelen for kløyvd infinitiv er at ord med kort rotstaving i norrønt får a-ending. Kort rotstaving har ord der rota har kort rotvokal + enkel konsonant i utlyd. I tillegg kjem ord med kort rotvokal + enkel konsonant + j — desse oppfører seg i praksis som kortstavingsord. Etter denne regelen skal ikkje «leggje» ha a-ending ved kløyvd infinitiv.
MEN: I nokre norske dialektar, inkludert i stor grad på Nordmøre, er det ein tendens til at alle verb med -j- etter kort vokal får a-infinitiv. Etter denne regelen, som har svært begrensa utbreiing, kan «leggja» (og «tykkja» o.a.) ha a-ending ved kløyvd infinitiv.
EIN ENDA SJELDNARE REGEL er at alle ord med palatal/palatalisert utlyd kan ha a-infinitiv. Dette finst sporadisk på Nordmøre («finna», «begynna», «slutta» o.a.).
SJELDNAST AV DEI ALLE er regelen at eit kva som helst slags verb i emfatisk posisjon, inkludert setningsutlyd, kan ha a-infinitiv: «Ja, det kan vi bruka!»
Med flisespikkande helsing,
Olve 29. mar 2005 kl. 1808 (UTC)
- Hmm, me Sogndøler er eit sjeldsynt folkeslag, skjønar eg. Takk for språklektyren. Eg har lært meir språk her enn på folkeskulen. --Bep 29. mar 2005 kl. 1842 (UTC)
Hei, Olve.
Eg synest flisespikking kan vere greitt somtid. Takk for utgreiinga, dette veit du meir om enn meg, og eg beklagar om eg klussa til den teksten med "leggja". Som du veit bur eg på Sunndalsøra, og sunndalingar har a-ending i liggja, og dermed leggja, tenkte eg. Ungane mine, som snakkar øradialekt, seier " å ligga" og "å legg'". Meiner au at eg har sett ei liste over kva ord som "skal" ha a etter kløyvd infinitiv i ei ordliste, med liggja og leggja. Men hovudgrunnen er altså at eg meinte desse orda har a i sunndalsmålet, og da tenkte eg vel at da skal det vere a, da. Det er ikkje så greitt for ein moldensar, dette...:) --Erling 29. mar 2005 kl. 1836 (UTC)
- Eg har konferert med ein lokal ekspert, lektor Odin Hals frå Ålvundfjord, og han stadfestar at ungane mine faktisk har rett i å skilje mellom å ligga og å legg(e). Eg trudde det var litt tettstadsspråkforvirring, men det viser seg at alt sunndalsmål skil slik mellom å liggja og å legg(je), og likeins mellom å sitta og å sett(e). Vanskelege greier for ein e-måls-kar. --Erling 29. mar 2005 kl. 2003 (UTC)
-
- Odin Hals skal du gjerne høre på, ja. :-) Det stemmer at «liggja» og «lægg» er vanlege nordmørsformer, på same vis som «sitta»/«setta» og «sætt». Det heiter vanlegvis «å læt(t)» (lata), «å tykkja»/«å tykkje», «å bynna» (begynne), «å arda» («å ala opp potetn»), «å dætta» (!) og så vidare. Og ofte kan ein høre «å gjær» (gjera)... Eldre nordmørsdialekt ser mykjegodt ut til å ha noko meir underliggjande -a enn dei fleste andre jamvektsmålføra. Valdresmålet har òg mykje av det same, forresten, og dei deler ein del andre overgangsformer mot vestnorsk, slik som bortfall av trykklett utlyds-m. Når det gjeld romsdalsdialekten, så er det interessant å merke seg at sjølv om ein har bortimot 100% e-endingar i slike ord, så har eldre mål mange stader framleis trykktunge kortstavingar! (Dette finn ein òg (m.a.) mange stader på Nordmøre og i området kring Brønnøysund — og sjølvsagt i Midt- og Nord-Gudbrandsdalen.) -- Olve 29. mar 2005 kl. 2308 (UTC)
-
-
- Ja dette med kløyvd infinitiv har eg alltid hatt problem med. Sjølv kjem eg ikkje på eit einaste infinitiv på mi dialekt som ikkje endar på -a, (å liggja, å leggja (seg nerpå), å sidda, å sedda, å gjera, å vara, å eda, å fundera), me er vel kanskje i andre enden av spektrumet samanlikna med Nord-Møre (noko som kan verka logisk geografisk sett òg). Så for meg kjem det ikkje intuitivt i det heile teke, og eg nyttar alltid -a når eg skriv, mest fordi eg ikkje har peiling på noko anna.
-
-
-
- Kunne det kanskje vore ein idé å skriva ei liste over alle verba med og utan a-ending i kløyvd infinitiv for dei som ønskjer å nytta kløyvd infinitiv? Det finst sikkert ei liste som kan kopierast frå ein eller annan stad. Eg søkte på Google, og gjett kva som kom opp først! Wikipedia-diskusjon:Retningsliner_for_nynorsk_målføring Bjarte 29. mar 2005 kl. 2351 (UTC)
-
[endre] Artikkel nr. 5000
Gratulerar med artikkel nr. 5000 i Nynorsk Wikipedia (Joe Hill)) ;) kurtber 6. apr 2005 kl. 1640 (UTC)
- Takk så mykje, og gratulerer til alle som skriv! :) --Erling 6. apr 2005 kl. 1711 (UTC)
[endre] Innloggging/utlogging
Hei Erling! Eg ser du gjer fleire redigeringar utan å vera innlogga, og kom til å hugse at du har skrive noko om at du blir kasta ut i nokre redigeringskommentarar for ei stund sidan. Eg har ingenting imot at du endrar anonymt (med Erling i endringskommentaren:), men dersom det er eit problem for deg så kan me jo kanskje finna ut av det? --Guttorm 14. jun 2005 kl. 0737 (UTC)
- Hei, og takk for omtanken. Nei, eg skriv namnet mitt i kommentarfeltet når eg er på ei anna maskin enn den eg er innlogga med heime. Erling.
[endre] Takk
Hei, takk for hjelpa med nynorsk språk på cricket. Har ikkje hatt nynorsk på fire år, det byrjar å bli vanskeleg å huske alle reglane. Du veit ikkje tilfeldigvis om ein "ordbok" på nettet som omsetjer typiske bokmålsord (t.d. avkastning) til nynorsk? Sam Vimes 26. jun 2005 kl. 1402 (UTC)
- Sjølv takk for den grundige artikkelen om cricket, som iallfall ikkje eg visste noko særleg om frå før. Håpar du har meir på lager, om andre idrettar/sportar, kanskje?. Dette med nynorsk/bokmål har veldig mykje med vane å gjere. Eg har vorte heilt tospråkleg sjølv, men skjønner at dei fleste er mest vane med eitt av dei. Ikkje gi opp! Med øving blir du raskt sikrare. For å bli brukbar til å skrive nynorsk (eller andre språk) er det elles avgjerande viktig at ein les ein del på same språket/språkforma. For lesing av nynorsk sakprosa kan eg vel (bortsett frå nynorsk wikipedia) nemne og anbefale vekeavisa Dag og Tid, som òg har ei nettutgåve, og tidsskriftet Syn og Segn frå Det norske Samlaget. For nynorske ord og utrykk til avløysing av tilsvarande på bokmål, kan du kanskje bruke denne [2]? Vennleg helsing --Erling 26. jun 2005 kl. 1425 (UTC)
-
- Artikkelen er ikkje heilt ferdig ennå, som du kanskje forstår (det er nokon bolkar som skal utvidas). Etter det får eg kanskje ta fatt på andre sportar (fotballartikkelen er litt liten, synst eg) - pluss at bokmålswikipediaen vel også treng en utvida cricketartikkel. Takk for linken også, eg får byrja å lese meire nynorsk (vrient i Oslo :)) Sam Vimes 26. jun 2005 kl. 1436 (UTC)
[endre] Om anonyme brukarar
Hei Erling. Var ikkje du ein anonym brukar sjølv ein gong? Eg tykkjer me må ta godt hand om alle, uansett om dei seier kven dei er eller ei. Sjølvsagt er det å føretrekkja at me veit kven me er, då ligg det mykje meir tyngde bak arbeidet, og det er lettare å visualisera kven ein talar med, men det er ingen krav om dette her. Bjarte 28. juli 2005 kl. 13:32 (UTC)
- Hei igjen. Eg har ikkje noko imot anonyme brukarar i og for seg, det spørst korleis dei oppfører seg. Vedkommmande her har etter mitt syn ikkje hatt bra åtferd, og da blir anonymiteten eit problem. --Erling 28. juli 2005 kl. 13:41 (UTC)
[endre] Sekken
Hei! Artig å treffe folk med relasjoner til Sekken her. :-) Eg er son til Mette og Øystein Eik, som eg veit du kjenner. Foreldra dine kjenner vi sjølvsagt. – Pladask 31. juli 2005 kl. 15:58 (UTC)
Hei sjølv! Ja, da kjenner eg foreldra dine, og du mine. Elles var det mormor mi som kom frå Sekken, frå Vestadstranda, og det var oldeforeldra mine som bygde Vonheim der mor og far min bur no. Eg voks opp i byen, men var kvar sommar mesta heile sommaren på Sekken med mormor og morfar min. Eg var elles ein liten tur på Sekken i sommar au, og da snakka eg med bestemor di, ho Kanny, som eg trefte på Samsen. Tøff dame. Du må helse mor og far din frå meg!--Erling 31. juli 2005 kl. 16:17 (UTC)
[endre] Takk for språkrøkt!
Det er godt å sjå at nokon går igjennom ting og luker vekk feila. Når det gjeld endringar på hovudsida må du ofte gå på siste endringar og velja "oppdater hovudsida" for å få sjå det du har gjort. -- Ranveig 3. august 2005 kl. 19:04 (UTC)
- Alt i orden, og eg håpar det er greitt! Det er iallfall berre for at det felles produktet vårt skal bli enda betre! Språklege betringar til "mine" artiklar er òg velkomne! --Erling 3. august 2005 kl. 19:46 (UTC)
-
- Eg har slett ikkje noko imot rimelege endringar. Er òg såpass uvøren og/eller uerfaren med å skriva nynorsk at det trengst med litt ettersyn. :-) -- Ranveig 3. august 2005 kl. 19:59 (UTC)
[endre] Å brigda
Det er greidt at å brigda er a-bøygd etter ordlista, men ifylgje sum skrifttradisjon (og gamallnorsk trur eg), kann det òg vera i døma-klassa. --Ole Jakob 4. august 2005 kl. 20:22 (UTC)
- Det er ikkje greitt å kvalitetssikre språket til kvarandre dersom ein ikkje kan nytte ordlista...Dersom du er viss på at "brigdt" har vore rett ein gong, så får du berre rette det attende, da. Men vi har eit problem her, og det er at dei som ikkje vil halde seg innanfor gjeldande rettskriving ikkje like greitt som oss andre kan kvalitetssikrast. Eg meiner nok at gjeldande rettskriving bør nyttast, men sjølvsagt med alle sideformer etter personleg ønske. --Erling 4. august 2005 kl. 20:31 (UTC)
-
- Ja no blir eg litt uroleg òg: Målet vårt er da ikkje å skrive gammalnorsk, men å laga eit nynorsk leksikon som folk flest kan greie å lesa og som ein ikkje skal trenge å vera språkhistorisk sprenglærd for å greie å redigere på. Dette er problem som det er viktig å ha ein skikkeleg politikk på, så eg kopierer denne tråden over til Wikipedia:Samfunnshuset#Målform, slik at diskusjonen kan fortsetja der. -- Olve 5. august 2005 kl. 02:55 (UTC)
[endre] Orsaking
Eg ber med dette om orsaking for slurvet mitt i maoisme-diskusjonen. Det kan gå litt fort for seg innimellom ungepass og anna.--Ekko 25. januar 2006 kl. 08:42 (UTC)
- Det er i orden. Eg er vel litt vâr på dette, sidan eg har vorte skulda for slikt før. Vennleg helsing --Erling 25. januar 2006 kl. 16:57 (UTC)
[endre] Debatt om tyske revolusjonen
Eg ser du gjer deg ut på diskusjon med Wolfram. Bortkasta energi spør du meg. Han er fremste orsaken til at eg ikkje idest skrive på bokmåls-Wikipediaen. Der me andre diskuterar for å bli klokare og læra av kvarandre går han inn som ein gymnasiast som driv dette som kampsport. Mi oppleving er at han driv dette for å fremma sine personlege prosjekt og at den kameratslige tonen her på nynorskwikipediaen er lite verdt for han. (Og dersom Wolfram eller andre les dette og reagerer på "personåtaket": Nei det er ikkje et åtak, men ei skildring av mi oppleving. Og han kan vel tenkje på kvifor han framstår slik). --Ekko 3. april 2006 kl. 16:37 (UTC)
Takk for sympatisk innlegg. Eg kjem ikkje til å halde fram lenge med noko ordskifte med Wolfram. Som du seier, det er det truleg ikkje nokon vits i. --Erling 3. april 2006 kl. 16:47 (UTC)
Usympatisk innlegg, meiner du nok. Det er ikkje fyrste gong Ekko driv med skitkasting og baksnakking av bidragsytarar. Mitt råd til han er å halda fram eit speil, og han vil sjå ei god beskriving av seg sjølv og korleis han framstår. Ekko er misnøyd med at no.wikipedia praktiserar språkleg toleranse og mangfald, og difor vil han ikkje vere med. Viss hans bidrag meist består i usaklege personåtak og personlege vendettaer er det kanhenda like bra, så vi andre kan konsentrera oss om konstruktivt arbeid. Ekkos "kameratslege tone" kan vi vere forutan. Wolfram 3. april 2006 kl. 17:39 (UTC)
- Ro deg ned, Wolfram. -- Olve 3. april 2006 kl. 17:42 (UTC)
-
- Eg er rolig, men eg likar naturleg nok ikkje å sjå personåtak som dette, og det er altså ikkje fyrste gongen denne brukaren har gått langt over streken. For å kunne diskutere saman og komme fram til betre artikler må man ha eit minimum av respekt for andre menneske og for at det finst fleire meiningar. Wolfram 3. april 2006 kl. 17:55 (UTC)
-
-
- Gutar, no synest eg dette ordskiftet i liten grad dreiar seg om den tyske revolusjonen eller meg for den del, så derfor trur eg de skal halde fram ein annan stad, dersom de tykkjer det er nokon vits i det.(Truleg ikkje). --Erling 3. april 2006 kl. 17:59 (UTC)
-
-
-
- Wolfram: Du er velkommen til å vera med her så mykje du vil, men hugs at tillit lyt gå begge vegar. Om Ekko og Erling har mist tilliten til deg, så har du to val:
- Du kan vise i praksis at dei tek feil av deg gjennom å vera open, sakleg, lyttande, respektfull og klar til å oppgje alment godtekne kjelder ved behov;
- eller du kan maksimere konflikten ved å prøve å vinne skjellsordduellar. (Og det er faktisk uinteressant for alle oss andre kven som begynte.)
- Eg trur kanskje den første metoden er betre på sikt. Å vise til at Ekko eller Erling eller du eller eg har gjort slik eller slik før vil berre kjøre fast situasjonen og gjera det vanskelegare å gjera framgang. “Let it go” er ikkje så dumt som slagord, i grunnen... Kven veit — kanskje Ekko etterkvart kan få så mykje tillit til deg at han vil taka bort visse delar av brukarsida si som forelda...? :) ? Olve 3. april 2006 kl. 18:43 (UTC)
- Wolfram: Du er velkommen til å vera med her så mykje du vil, men hugs at tillit lyt gå begge vegar. Om Ekko og Erling har mist tilliten til deg, så har du to val:
-
[endre] bokmålsbrukarar
Når vi kommenterar endringar trur eg vi må passe oss for nemningar som «anonym bokmålsbrukar»; det kan verke fiendtleg med tanke på dei litt sterke skilja. Heller skrive berre «anonym brukar». Elles er eg absolutt i at endringa i Anders Lange burde endrast igjen :-) / Kurtber™|Ordskifte 18. april 2006 kl. 16:38 (UTC)
[endre] Språkpolitikk-artikkelen
Takk for rettingar. Dei kløyvde infinitivane har overvintra frå ein tidlegare praksis eg hadde, det er fint at dei blir retta. Når det galdt den andre kommentaren din, kva som var og ikkje var verst, og implikasjonen frå språk- til nasjonalitetspolitikk, forstod eg ikkje heilt kva du meinte. Men det kan vi ta på diskusjonssida til artikkelen. Trondtr 10:04, 21 august 2006 (UTC).
[endre] Språklege endringar
Du treng ikkje "retta" ordet idrott. Det er ei godkjent form i nynorsk. Og eg trur at det er lov å skriva "har leia". --Tannkrem 10:50, 29 oktober 2006 (UTC)
- Du har rett i at idrott er tillaten sideform, så det kunne stått. Har leia er derimot ikkje rett. Verbet skal bøyast slik: leie-leier-leidde-leidd. --Erling 13:44, 29 oktober 2006 (UTC)
-
- leia - verb - perf-part - leie [3]
- Og no gjorde du det igjen. Du endra hovudforma "griser" til klammeforma "grisar", og dessutan tre andre rettskrivne ord. Dette er ikkje "språkflikk". Sjekk ordboka neste gong du klør i fingrane etter å endra noko eg har skrive. Eg sjekkar ofte ordboka medan eg skriv det.
- Eg hadde då rekna med at du ville slutta med dette etter første gongen eg sa ifrå. --Tannkrem 20:20, 30 oktober 2006 (UTC)
-
-
- Javel. Men berre så du veit det: "Ordet 'henlagt' finst ikkje i Nynorskordboka." Det er elles rekna som dårleg stil å blande tradisjonelle former som "idrott" og samnorskformer som "meldte" (for ikkje å tale om reine bokmålsord som "henlagt") - men det bryr vel ikkje du deg om. --Erling 20:46, 30 oktober 2006 (UTC)
-
-
-
-
- Eg brukar ikkje ordet "idrott", det var det nokon andre som skreiv. Og det er heller ikkje endringane i seg sjølv eg har problem med. Eg reagerar meir på at du endrar det andre skriv til former du sjølv ville ha brukt, i artiklar du sjølv ikkje har skrive. Eg og ser mange artiklar eg kunne ha tenkt meg å retta i. Men det er ikkje rett ovanfor dei som har skrive artiklane. Kanskje dei har teke eit medvite val om å bruka den stilen dei brukar, då er det dårleg nettikette å endra det til min eigen stil, med mindre eg legg meir til i artikkelen enn det andre har skrive frå før. Dette gjeld uavhengig av om endringane dine er gode eller dårlege.
- Eg skriv "meldte" og "griser" fordi det er dei formene som ligg nærast mitt eige talemål.
- Eg endra ikkje attende endringa di av ordet "henlagt", fordi eg er samd i at det er eit dårleg, unorsk ord. Eg var sikker på at eg såg ordet "henlagt" i ordboka, men det var nok augo mine som gjekk i kryss. Min feil. --Tannkrem 21:16, 30 oktober 2006 (UTC)
-
-
-
-
-
-
-
-
-
- Griser (og sauer, vegger, strenger, benker, bekker osv.) er hovudform, og grisar er ei sideform, forresten. -- Olve 23:27, 30 november 2006 (CET)
-
-
-
-
-
-
-
-
-
-
- Høyr her: Eg endrar ikkje målføringa til andre med vilje, anna enn når eg utvidar tekstar monaleg. Men det er eit grenseland mellom det som er direkte feil og det som er inkonsekvent språk, og der kan ein trø feil einkvan gongen når ein hjelper kvarandre. Eg tenkte "idrott" i høve til "meldte" og slike ting. Det ville jo vere dårleg stil å blande slike former. Elles set eg for min del pris på om nokon rettar opp både feil og grove inkonsekvensar i det eg skriv. Alle kan gjere feil. --Erling 21:35, 30 oktober 2006 (UTC)
-
-
-
[endre] Hei nabo :-)
No arbeider eg på Tingvoll og held elles til i Kristiansund og på Tustna. Så den tilstadesverande wikiredaksjonen har vakse litt i nørdre luten. Vi sn@kkast! :-) Olve 23:27, 30 november 2006 (CET)
[endre] Sær skriving
Hei :-) Har du noka meining å bidra med på Diskusjon:Krag-Jørgensen rifle? :] Olve 17:11, 28 desember 2006 (CET)
[endre] Admin?
Hei Erling, no har du vore med her sidan desember 2004 og har i alle fall over 2 000 redigeringar. Har du tenkt over om du kunne ha nytte av adminverktøya? Om du ikkje har noko spesielt mot det, så kunne eg tenkje meg å nominere deg som admin. Kva trur du? -- Olve 20:54, 22 januar 2007 (CET)
- Olve. Eg takkar for tilliten, men ønskjer berre å vere ein meinig skribent som skriv litt innimellom. Trur eg. --Erling 21:06, 22 januar 2007 (CET)
[endre] Andreas
Det vart krasj på Andreas. Håper eg ikkje har sletta (for mykje) av det du skreiv. Slik vert det når to sjelar har ein tanke, og skriv på den same artikkelen.Knut 20:45, 10 februar 2007 (CET)
- Alt i orden. Vart bra, dette. --Erling 20:48, 10 februar 2007 (CET)
- Endå betre, ser eg. Takk for rettingane! Knut 21:10, 10 februar 2007 (CET)
[endre] Hjarte
Fint at nokon tok tak i ein naudsynt språkvask. Men eg ser at du endrar hos til hjå nokon stader, men ikkje alle. Kvifor det? --Ekko 10:26, 12 februar 2007 (CET)
- Hadde ikkje tid til å gå gjennom heile greia på ny då eg oppdaga akkurat denne inkonsekvensen, så eg retta opp dette berre i førstninga av artikkelen. Erling.
-
- OK. Då går eg i gjennom og sett alt til hos. --Ekko 11:15, 12 februar 2007 (CET)
-
-
- OK. Hugs å gjere det på "vekas artikkel"-sida òg, elles blir det ikkje retta opp på framsida - trur eg. Same for meg om det er hjå eller hos, begge delar er lov, men ein bør sjølvsagt ha berre ein av dei gjennomført i ein og same teksten. --Erling 11:48, 12 februar 2007 (CET)
-
[endre] Administrator
Hei, Erling! Med dagens vandalisme friskt i minne: Kanskje du vil bli administrator? Trondtr 22:15, 19 februar 2007 (CET).
- Hmm, her burde eg vel ha løfta augo ca. 20-30 liner ja. Det spørsmålet hadde (naturleg nok) allereie vore oppe, ser eg no. Trondtr 22:18, 19 februar 2007 (CET).
Ja, det har det. Men eg sluttar meg til maset: Det hadde vore veldig fint å få med han Erling på ryddelaget. :) Olve 22:20, 19 februar 2007 (CET)
- (Korleis var det: Ein meinig administrator som skriv litt innimellom.. :-) Trondtr 22:36, 19 februar 2007 (CET))
-
- Huff, karar. De gjer meg mesta brydd, men eg tar det som komplimangar at de vil ha meg som administrator. Så lenge det ikkje medfører nokon plikter i høve til arbeidsmengd (eg er rimeleg opptatt frå før), så er det vel kan hende greitt, då...Men først må de seie kva plikter eg i så fall har, så skal eg gi endeleg svar. --Erling 23:25, 19 februar 2007 (CET)
-
-
- Det er ikkje nokon andre plikter enn å halde fram som du stemnar. Du treng ikkje å redigere så og så mykje (eller lite). Nokre vaktmeistrar er svært aktive, nokre er meir sporadiske, og nokre arbeider i rykk og napp. Vi treng dei alle saman. -- Olve 23:51, 19 februar 2007 (CET)
-