Fargespekter
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fargespekteret er eit ord som skildrar alle synlege formar for monokromatisk lys, det vil seie lys med ein bestemt bølgjelengde. Regnbogen inneheld alle fargane i fargespekteret. Grunnfargane høyrer til fargespekteret, men nokre fargar og nyansar består av fleire enn ein bølgjelengde og finst difor ikkje i fargespekteret (og dermed ikkje i regnbogen). Døme er fargar som kvit, rosa, brun og grå.
[endre] Bølgjelengder i fargespekteret
Bølgjelengdane er oppgjeve i nanometer og frekvensane er oppgjeve i terahertz. Overgangen mellom fargane er flytande, så tala er kun eit overslag.
Farge | Bølgjelengde | Frekvens |
---|---|---|
Raud | ~ 625-740 nm | ~ 480-405 THz |
Oransj | ~ 590-625 nm | ~ 510-480 THz |
Gul | ~ 565-590 nm | ~ 530-510 THz |
Grøn | ~ 520-565 nm | ~ 580-530 THz |
Turkis | ~ 500-520 nm | ~ 600-580 THz |
Blå | ~ 450-500 nm | ~ 670-600 THz |
Indigo | ~ 430-450 nm | ~ 700-670 THz |
Fiolett | ~ 380-430 nm | ~ 790-700 THz |
[endre] Se også
- Visuelt spektrum
- Regnbue
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |