Regnboge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regnbogen viser seg oftast når det svevar regndråpar i lufta og sollyset skin svakt frå horisonten. Den klåraste regnbogen ser vi når halve himmelen framleis er dekt av mørke skyer, medan det er klår himmel over horisonten. Bogen viser seg òg over fossar og andre vassfall, der små vasspartiklar vert spreidde ut i lufta.
I sjeldne tilfelle viser regnbogen seg til og med om natta, under liknande vêrforhold som ovanfor og sterkt skin frå månen. Men av di det mennesklege auget har avgrense fargepersepsjon vil vi oppfatte nattlege regnbogar som heilt kvite.
[endre] Kva er regnbogen?
Regnbogen er eit optisk, metereologisk fenomen som opptrer som eit mesta fullstendig lysspektrum («alle» fargane) i bogeform over himmelen. Fenomenet oppstår når sola lyser på vassdråpar i lufta (regn). Regnbogen er eit fleirfarga spektrum med raudt ytst og fiolett inst. Fargane mellom desse ytterpunkta i regnbogen er kjende frå Newton si fargelære (frå raudt til fiolett); oransj, gult, grønt, blått og indigo.
[endre] Sjå au
- Fargespekter
- Bivrost, frå norrøn mytologi
- Barnetimeboka 198?
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |