Farsund
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1003 |
Fylke: | Vest-Agder |
Administrasjonssenter: | Farsund |
Flatevidd: | 268 km² |
Folketal: | 9446 (2006) |
Målform: | Bokmål |
Internettside: | www.farsund.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Margit Brøvig (H) 2003 |
Farsund er ein bykommune sørvest i Vest-Agder fylke. Farsund er ein kystkommune som grensar til Flekkefjord i vest, Kvinesdal i nord og Lyngdal i aust.
Farsund vart i 1965 slegen saman med dei tidlegare kommunane Lista, Herad og Spind.
I dag verkar Farsund som ein relativt rolig og beskjeden by, men slik har det ikkje alltid vore. Mot slutten av 1700-talet vaks Farsund fram som ein handels- og sjøfartsby som var godt kjend ute i resten av verda. Mykje av æra for Farund sin framgang på den tiden hadde Jochum Brinch Lund. Lund vert rekna som grunnleggjaren av Farsund. Lund budde i bygget der Nordea Bank i dag held til. Dei fire trea han hadde i hagen finn ein att i byvåpenet.
Farsund sine viktigaste næringar er i dag industriverksemdene Elkem Aluminium og Alcoa, turisme og jordbruk.
Farsunds Avis er ei avis som kjem ut i Farsund seks dagar i veka.
[endre] Tettstader
- Farsund
- Vanse
- Vestbygda
[endre] Verdt å sjå
- Bønesbakkene
- Framvaren
- Lista fyr
- Listeid naturreservat
- Sausebakk
- Varnes fyr
[endre] På verdsveven
|