Fylke
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fylke eller fylkeskommunar er regionale administrative område med eit visst sjølvstyre i Noreg. Eit fylke vert delt inn i mindre kommunar. Tidlegare blei fylka kalla amt.
Noreg har 19 fylke. Dette talet har nesten ikkje endra seg sidan 1919; den einaste fylkeskommunen som er forsvunnen sidan den tid er Bergen. Det finst likevel framlegg om å gjera fylka om til større regionar, anten fem, sju eller ni i heile landet. Regjeringa skal sjå på korleis fylka fungerer i 2007.
Innhaldsliste |
[endre] Funksjon
I dag steller fylkeskommunen med mellom anna vidaregåande utdanning, barnevern og regional utvikling. Dei byggjer og styrer vidaregåande skular og fylkesvegar.
Sjukehusa høyrde tidlegare til under fylkeskommunen, men blir i dag styrt av statlege regionale helseforetak.
[endre] Historie
Fylkeskommunen som folkevalt styringsnivå vart skipa ved formannskapslovene i 1837, samstundes med kommunane.
Nemninga «fylke» vart nytta i mellomalderen, men vart erstatta med «syssel», som seinare vart kalla «len». Frå 1662 til 1918 var nemninga «amt», men 1. januar 1919 vart amta gjort om til fylke.
[endre] Styre
Fylkeskommunanen er styrte av fylkesting, fylkesutval, fylkesordførar og ein fylkeskommunal administrasjon. Desse er som regel samla i ein fylkeshovudstad. Fylkestinget blir valt inn direkte av innbyggjarane i fylket ved kommune- og fylkestingsval. I 1977 innførte ein direkte fylkesskatt som skulle dekka utgiftene til eit fylke; tidlegare hadde fylkeskommunen fått pengane sine frå kommunane.
Representantane til Amtsformannskapet (seinare Fylkestinget) vart heilt fram til 1964 valde av og blant representantane i kommunestyra i alle landkommunane i fylket. Ein representant frå kvar kommune vart vald.
Frå 1964 kom også bykommunane med i skipnaden. Kommunane måtte dekkje dei utgiftene Fylkestinget vedtok gjennom repartisjonsskatten. I 1976 gjekk fylkeskommunen over frå å vere sekundærkommune til å bli primærkommune på line med kommunane. Det vart direkte val til Fylkestinget, direkte skatt og eigen administrasjon. Fylkesrådmannsfunksjonen vart skilt ut frå fylkesmannsembetet.
Stortinget vedtok Lov om kommuner og fylkeskommuner i 1961, og frå 1964 velde kommunestyra inn representantar til fylkestinga etter innbyggjartal. I 1976 vart det innført direkte val til fylkestinget.
[endre] Bakgrunnsstoff
|