Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Feda er namnet på ein tettstad i Kvinesdal kommune, og det var tidlegare namnet på ein kommune som no er slegen saman med Kvinesdal kommune.
[endre] Tettstaden og strandstaden Feda
Feda er ein tettstad og ein gammal strandstad i Kvinesdal kommune i Vest-Agder fylke. Staden ligg på nordsida av Fedafjorden, omlag 8 kilometer austom Flekkefjord. E 39 går gjennom staden.
[endre] Kjende personar frå Feda
[endre] Lenkje ut
[endre] Den tidlegare kommunen Feda
Feda kommune vart oppretta i 1900, då vart området skild ut frå Kvinesdal formannskapsdistrikt. Kommunen omfatta landet kring Fedafjorden, og landet kring den inste, nordaustre delen av Listafjorden. I 1963 vart Feda kommune slegen saman med Kvinesdal kommune att.