Finding Nemo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finding Nemo, kalla Oppdrag Nemo på norsk, er ein dataanimert film produsert av Pixar Animation Studios i samarbeid med Walt Disney Pictures frå 2003. Filmen er skriven og regissert av Andrew Stanton. Den fekk i 2004 Oscar for beste animasjonsfilm, og har til saman vunne 32 prisar.
[endre] Historia
Filmen har ei enkel historie, der den vesle klovnefisken «Nemo» har ein svært overbeskyttande åleinepappa, «Marlin». «Nemo» vert fanga av ein tannlege og hobbydykkar i Sydney og «Marlin» må trasse alle sine nevroser for å redde sonen sin. Med seg på turen har han med seg palettkirurgifisken «Dory», som har ekstremt dårleg korttidsminne.
Marinbiologar har heidra filmen for si virkelegtru framstilling av fisk spesielt og det marine miljøet generelt.