Finnås
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finnås kommune omfatta frå 1838 til 1916 det som idag er Bømlo kommune, og fram til 1852 også Sveio. 1. juli 1916 vart kommunen delt i tre kommunar, Moster, Bømlo og Bremnes. Finnås var namnet på prestegarden ved Kulleseidkanalen Her låg og kommunesenteret. Kyrkjene i Bømlo kommune høyrer framleis til Finnås prestegjeld. Stadnamnet er òg å finna i Finnås Kraftlag og Finnås sportsklubb.
I daglegtalen omfattar Finnås anten den vesle tettstaden ved Kulleseidkanalen, eller eit område som strekkjer seg omlag frå Sakseid i nord til Lykling og Børøy i sør.
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |