Bømlo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1219 |
Fylke: | Hordaland |
Administrasjonssenter: | Svortland |
Flatevidd: | 247 km² |
Folketal: | 10 808 (2006) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.bomlo.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Inge Reidar Kallevåg (H) 2003-2007 |
Bømlo er ein kommune i Sunnhordland, sør i Hordaland fylke. Han ligg ut mot havet og Nordsjøen og femner om på lag 900 øyar og holmar. Mellom andre øya Bømlo, Goddo, Hiskjo, Espevær, Moster, Spissøy og Hespriholmen. Øyane i kommunen vert bundne saman av fleire bruer, til dømes Bømlabrua. Øyane i nord og i aust tilhøyrer kommunane Austevoll, Fitjar og Stord. Fastlandsområda på andre sida av Bømlafjorden i søraust tilhøyrer Sveio kommune.
I 1995 vart Bømlo kommune tillagt øyane Aga og Agasøster i aust og Gisøy og Vikøy i nord frå Fitjar kommune, då desse fekk brusamband med resten av Bømlo.
Det høgaste fjellet på Bømlo er Siggjo (474 moh.).
Trekantsambandet gjev Bømlo vegsamband til øya Stord og Sveio på fastlandet. Bygda Langevåg, på sørspissen av Bømlo, har ferjesamband til Buavåg i Sveio.
Namnet Bømlo kjem av norrønt Bymbil, som skal vera skyldt ordet "bembel", navle eller mage. I denne samanhengen er det venteleg meint i tyding tjukk, oppsvollen, som spelar på fjellformasjonen til Siggjo.
[endre] Aviser
Lokalavis for Bømlo er Bømlo-nytt. Regionavisene Sunnhordland, Bergens Tidende og Haugesunds Avis dekkjer også Bømlo. Både Sunnhordland og Haugesunds Avis har eigen Bømlo-redaksjon.
[endre] Historie
Bømlo var ein kommune som vart oppretta i 1916, då Finnås kommune delte seg i kommunane Moster, Bømlo og Bremnes. I 1963 slo kommunane seg saman att, til Bømlo kommune.
Bømlo kommune frå 1916 til 1963 omfatta det området ein i dag kallar «Søra Bømlo».
[endre] Ute på nettet
- ssb.no - Kommunefakta om Hordaland frå Statistisk sentralbyrå
|