Fiskeørn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjellvåk |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Fiskeørn klar til å stupe etter fangst. |
||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||
Pandion haliætus Linné, 1758 |
Fiskeørn (Pandion haliætus) er det einaste medlemmet i familien fiskeørnar (Pandionidæ). Han er ein mellomstor rovfugl som lever nesten bare av fisk som han tar i vassoverflata. Fiskeørna finst på alle kontinenta på jorda.
Utsjånaden gjør at fuglen er lett å identifisere. Han har ljos (nesten kvit) underside med tydelegt markerte mørke «knokar» ved framkanten til vengene, svart nakke og overside av vengene.
Fiskeørna er veltilpassa levesettet sitt, med yttertær som vender bakover, nesebor som kan stengast og kvasse klør som hjelper ho til å holde fast fanga byte. Når bytet er fanga haldast det alltid med hovudet framåt, så luftmotstanden skal vera minst mogleg.
Ho blir 55-60 cm lang, med eit vengespenn på 145-170 cm. Ho veg 1200-2000 gram.
Fiskeørna er freda.