Folkeavstemningspartiet/Tverrpolitisk Liste
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Folkeavstemningspartiet/Tverrpolitisk Liste var eit norsk politisk parti som stilte til val ved stortingsvalet i 1981. På denne tida kravdest det 5000 underskrifter for å registrera eit nytt parti. Derimot kravdest det ingenting for å endra partinavn. Derfor skjedde det ved fleire høve at nye småparti omgjekk underskriftskravet ved formelt å ta over partinavnet til andre småparti som låg brakk, og så endra navnet.[1] Folkeavstemningspartiet/Tverrpolitisk Liste var opphavleg registrert som Einsliges Parti, som stilte til val i 1973 og 1977. Ved stortingsvalet i 1981 stilte partiet til val som Folkeavstemningspartiet i alle fylke utanom Vest-Agder, der det stilte som Tverrpolitisk Liste. Det totale stemmetalet vart 1482, noko som utgjorde 0,06 % av røystene på landsbasis. Partiet kom dermed ikkje inn på Stortinget. Størst oppslutning fekk Tverrpolitisk Liste i Vest-Agder, med 383 røyster, noko som utgjorde 0,5 % av røystene der. I 1984 endra partiet navn til Upolitisk liste.
[endre] Kjelder
- Skyggesiden - Norsk (parti)politisk historie
- Stortingsforhandlinger 1981-82 (Oslo, 1982)
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |