Upolitisk liste
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Upolitisk liste er eit vanleg navn på lokale lister ved kommuneval i Noreg. Denne artikkelen handlar om lista som stilte til val ved stortingsvalet i 1985.
Upolitisk liste var eit parti som stilte til val i Noreg ved stortingsvalet 1985. På denne tida kravdest det 5000 underskrifter for å registrera eit nytt parti. Derimot kravdest det ingenting for å endra partinavn. Derfor skjedde det ved fleire høve at nye småparti omgjekk underskriftskravet ved formelt å ta over partinavnet til andre småparti som låg brakk, og så endra navnet.[1] Upolitisk liste oppsto då minipartiet For Folkeavstemning (tverrpolitisk), som ved stortingsvalet 1981 stilte under navnet Folkeavstemningspartiet, i 1984 skifta navn. Lista var det første partiprosjektet til Jack-Erik Kjuus, som seinare vart kjend frå mellom anna Stopp Innvandringen og Kvit Valallianse. Ifylgje magasinet Monitor sto det fleire kjente høgreekstremistar på lista.[2]
Lista stilte kun til val i Oslo og fekk der 100 røyster, noko som utgjorde 0,03 % av røystene i Oslo. I 1988 skifta partiet navn til Stopp Innvandringen.